Alternative vurderingsformer
Alternative vurderingsformer
Alternative vurderingsformer
Prosjektet Alternative vurderingsformer vart gjennomført i 2015-2016. Vidare arbeid med alternative vurderingsformer blir gjort i fagmiljøa.
Måten vi vurderer studentane sine prestasjonar på, påverkar deira val av læringsstrategiar. Vurderingsformene i emne og program er såleis eit verkemiddel for å fremje studieåtferd som gir auka læring. NTNU ønskjer å styrke bevisstheita om betydninga vurderingane har for læring og å fremje kultur for samarbeid om utvikling av gode vurderingsordningar.
Målet med dette tiltaket var å utvikle kvaliteten i vurdering, gjennom å stimulere til ein mest mogleg påliteleg, gyldig og læringsfremjande vurdering av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar. Vurderingskulturen på NTNU vart kartlagt, både frå fagleg tilsette og studentar sine ståstadar. På denne bakgrunnen vart det utarbeidd forslag til tiltak for å fremje bruk av varierte vurderingsformer som bidrar til læring og ferdigheitsutvikling i tråd med læringsmåla, og som dokumenterer studentane sin kompetanse på måtar som gir ein god inngang til yrkeslivet.
Rapportar
Gode vurderingsformer ved NTNU - veien videre (pdf)