Avslutning av ph.d.-studiet

Avslutning av ph.d.-studiet

Det er mykje å hugse på når den siste fasen av ph.d.-studiet står for tur. Denne sida er meint som ei hugseliste i sluttspurten.

Opplæringsdelen

Du må ha fullført minimum 30 sp i opplæringsdelen og alle emna må vere godkjende før avhandlinga kan bli sendt til vurdering. Du kan sjekke om alt er i orden på StudentWeb.

Bedømmingskomité

Veit instituttet ditt at du snart skal levere avhandlinga di? Det er instituttleiinga som har ansvar for å levere forslag til vurderingskomité til fakultetet. Dette forslaget skal etter ph.d.-forskrifta leverast til fakultetet saman med avhandlinga. Det kan ofte ta noko tid å finne medlemmar til ein slik komité. Det er derfor viktig at instituttet blir orientert i god tid før levering.

Innlevering av avhandlinga

Når opplæringsdelen er godkjent og avhandliga er ferdig skriven, er tida inne for innlevering av avhandlinga. NTNU-trykk lagar 5 eksemplar i A4-format, betalt av fakultetet (bestillingsside, bruk k-sted 620105 og prosjektnr. 70430638). Eitt eksemplar beheld du sjølv, 4 eksemplar leverer du til Det humanistiske fakultetet. Desse eksemplara vil bli sende til vurderingskomiteen. Samstundes med at du leverar avhandlinga i fysisk format til fakultetet så skal du levere søknad om bedømming av ph.d.-avhandling. Kontakt Gro Lurås eller Katrine Moe om du har spørsmål i sluttfasen.

Etter innlevering

På Innsida har vi meir informasjon om bedømmingskomiteen sitt arbeid, kva du skal gjere fram mot innstilling, samt prøveforelesing og disputas.

02 mai 2019