Hospitering ved NTNU

Hospitering ved NTNU

Dersom du er bachelor- eller masterstudent ved eit anna norsk universitet, og vil ta emne ved NTNU som skal bli del av graden din, kan du søkje om å bli hospitant.

Smilende jente med NTNU-flagg på fjell. Utsikt i bakgrunn. Foto.

Som hospitant kan du velje blant alle opne emne, og du må dokumentere at du innfrir eventuelle krav til forkunnskap.

Det er mogleg å hospitere ved NTNU i maksimalt to semester.

 

Slik søkjer du:

 

1. Logg inn

Logg inn på Søknadsweb. Hospitantopptaket står under "Opptak til enkeltemner".

2. Skriv inn merknad

I merknadsfeltet i Søknadsweb må du fylle ut følgjande informasjon:

  • Namn på lærestad og studieprogram der du er student

  • Emnekode og namn på emne du ønskjer å ta ved NTNU

3. Last opp dokumentasjon

Du må laste opp dokumentasjon til søknaden din:

  • Stadfesting frå lærestad: For å få opptak som hospitant må du laste opp brev frå lærestaden din der dei stadfester at du er teken opp til eit bachelor- eller masterprogram, og at emna du vil ta ved NTNU skal inngå i graden din der. Emnenamn/kode skal stå spesifisert i denne stadfestinga.

  • Opptakskrav: Generell studiekompetanse, fagkrav, forkunnskapskrav.

    For å få tilgang til enkeltemne må du oppfylle de same krava som søkjarar som får ordinært opptak til desse emna. Du må difor laste opp dokumentasjon på at du har generell studiekompetanse og at du dekkjer ev. fagkrav (til dømes i matematikk og fysikk). Eventuelle andre krav om forkunnskap står på nettsida til kvart enkelt emne.

​​​​​​​4. Svar på søknaden

Etter at du har registrert søknaden vil du få kvittering på e-post. Seinare vil du få melding på e-post når søknaden er behandla.

Søknadsfristar hospitering

Søknadsfristar hospitering

Opptak til vårsemesteret:

  • Fristen er 1. desember.
  • Du kan søkje frå 15. oktober.

Opptak til haustsemesteret:

  • Fristen er 1. juni.
  • Du kan søkje frå 15. april.

Kontakt Opptak

Kontakt Opptak

E-post:
opptak@ntnu.no

Telefon:
73 59 77 00
Måndag–fredag 09:00–11:30