Kristin Fridtun

– frilansskribent, forfattar og føredragshaldar

 

Kristin Kridtun hoppet i det! Etter å ha jobbet en stund med ulike prosjekter, tok hun spranget og laget seg sin egen jobb. 

 

Eg vart tidleg dregen mot det norrøne språket, og deretter mot den norrøne litteraturen, så eg skjøna fort at det var norrøn filologi eg skulle fordjupa meg i. Med god hjelp frå rettleiaren min fann eg ut at eg skulle granska ei såkalla etter-klassisk islendingesoge, Króka-Refs saga. Det er ei fantastisk tekst, full av action og sprelske påfunn! Men desse "seine" islendingesogene har lenge vore lite påakta, og i oppgåva mi prøver eg grovt sagt å finna ut kvifor det er slik, mellom anna ved å studera resepsjonen av soga og sjangersystemet og kanon for den norrøne litteraturen. Sidan eg aldri har greidd å avgjera om eg er mest interessert i språk eller litteratur, var denne oppgåva midt i blinken: Eg fekk arbeida med litterære emne og samstundes auka kjennskapen min til det norrøne språket.

Hva jobber du med nå, og hvordan var veien dit?

I skrivande stund er eg fri fugl! Eller meir presist: frilansskribent, sakprosaforfattar, føredragshaldar, korrekturlesar og så bortetter. Då eg var ferdig med masteroppgåva våren 2011, gjekk eg inn i eit vikariat i Stadnamntenesta i Språkrådet. Same hausten skulle eg gje ut ei populærvitskapleg språkbok på Samlaget, så eg hoppa i det og vart frilansar på heiltid. Arbeidsveka mi kan sjå slik: Ein dag sit eg heime på Lillehammer og skriv på ein artikkel, neste dag held eg føredrag om Ivar Aasen på ein vidaregåande skule i Tønsberg, så er eg i Trondheim og held nynorskkurs for lærarstudentar, så les eg korrektur på ei diktsamling, så skriv eg vidare på artikkelen. Eg trivst godt, jamvel om det er eit usikkert og lite lønsamt arbeid.

Hvordan er studiet i nordisk relevant for jobben din?

Det er så godt som alfa og omega. Kvar einaste dag dreg eg nytte av studiet på eit eller anna vis. Mykje av jobben min går ut på å forenkla og formidla det eg sjølv lærte på nordisk, som når eg kåserer om norsk språkhistorie eller skriv eit lite stykke om morosame runeinnskrifter. Likevel: Studiet har mest av alt gjeve meg naudsynte reiskapar og eit godt grunnlag å stå på, slik at eg på eiga hand kan fordjupa meg i språklege og litterære emne på forsvarleg vis. Det same gjeld allmenn litteraturvitskap og latin, som eg studerte attåt nordisk. Det er ein fryd å få arbeida vidare med desse faga. Sant å seia kjenner eg meg som student enno, berre at eg no får betalt for det eg skriv - og at eg slepp eksamen.

Har du noen erfaringer eller råd du ønsker å gi til noen som er interessert i å studere nordisk?

Dersom norsk var eit av favorittfaga dine på skulen, vil du ha stor glede av nordisk-studiet. Det er i alle fall røynsla mi. Og så vil eg ta opp att det rådet som eg sjølv fekk, då eg var fersk student: Engasjer deg, gjerne i noko som har med språk/litteratur å gjera, anten det no er fagutval, tidsskrift, skrivekurs, ein organisasjon. I fyrstninga var eg skeptisk til alt slikt, eg ville helst sitja for meg sjølv og lesa pensum ... Så vart eg dregen inn i det likevel, og aldri har eg angra. Til dømes hadde eg neppe vore skribent og forfattar om det ikkje var for Studentmållaget i Nidaros. Og til slutt: Nordistar er utruleg trivelege folk!

Det er så godt som alfa og omega. Kvar einaste dag dreg eg nytte av studiet på eit eller anna vis.

-Kristin Fridtun.