Kulturminneforvaltning

Kulturminneforvaltning

Kulturminneforvaltning - masterstudium

Foto: Aud Mikkelsen Tretvik

studyprogramme-autofacts-portlet

MKULMI, Fri Mar 29 13:47:05 CET 2024 | M2

Kulturminne er både reint fysiske spor frå fortida og det meir immaterielle som kunnskapar og ferdigheiter, skikkar og tradisjonar. Masterstudiet i kulturminneforvaltning har fokus på både dei materielle og immaterielle sidene av kulturarven og dekker heile spekteret frå å finne, studere, bevare, tolke og formidle spor frå fortida. NTNU er den einaste lærestaden i Noreg som tilbyr eit tverrfaglig studium slik dette programmet er lagt opp.

Studiet gir tverrfaglig kompetanse på høgt nivå innan minneteori, kulturvern, forvaltningslære, formidling, museumskunnskap, bygningsvern og lovforståing. Sentralt gjennom heile studiet er kombinasjon av teoretisk refleksjon og fordjuping med tett kontakt til praksisfeltet og dagsaktuelle problemstillingar. Programmet har ein obligatorisk praksisperiode i tredje semester, og avsluttande masteroppgåve tar utgangspunkt i prosjekt frå praksisperioden. Praksisperioden og masteroppgåva gir muligheit for spesialisering innafor kulturminnefeltet og gir god førebuing for yrkeslivet. 

Les mer om hva du lærer

Masterprogrammet er profesjonsretta med tette band til praksisfeltet. Denne utdanninga gjer deg til ein godt kvalifisert kandidat for forvaltning, museum og andre institusjonar som arbeider med bevaring og formidling av kulturminne. Aktuelle arbeidsstader etter avslutta studium vil vere innanfor offentlig forvaltning (kommune, fylke, stat), museum og andre institusjonar, organisasjonar og konsulentfirma relatert til kulturminne, i tillegg til undervisning og forsking. 

Tidligare studentar ved studieprogrammet i kulturminneforvaltning har eller har hatt jobb i statlig forvaltning som til dømes Riksantikvaren og Kulturminnefondet, i fylkeskommunal og kommunal forvaltning, ved lokale, regionale og nasjonale museum, ved bygningsvernsenter og i konsulentfirma, og i forsking og utdanning. 

Les mer om jobbmulighetene

Læringsaktivitetane på programmet inneber at studentane får møtast mykje utanfor dei vanlige undervisningslokala. Enkelte emne på masterprogrammet inneber ekskursjonar og studiebesøk til aktuelle museum og forvaltningsinstansar. Andre emne har opplegg for gruppebasert feltarbeid i ulike område. Alt dette gir variasjon i studiekvardagen. 

Det blir lagt stor vekt på å byggje opp kullidentitet og tilhøyrsle til masterprogrammet blant studentane. Linjeforeininga Kultura er ein viktig del av studiemiljøet. Foreininga arrangerer både faglige og sosiale samkomer og studieturar. Linjeforeininga medverkar også ved faglige arrangement i regi av studieprogrammet.

Les mer om studiemiljøet

Masterprogrammet i kulturminneforvaltning er bygd opp som et heltidsstudium på 120 studiepoeng (sp) over to år. For søkere som arbeider i praksisfeltet og ønsker å styrke sin formelle kompetanse, kan det organiseres mer fleksible studieløp.

Les mer om studiets oppbygning

Masterstudiet har eit avgrensa tal studieplassar med opptak kvar haust.

Les mer om opptak og opptakskrav

Dersom du har spørsmål, kan du sende epost til: studieveiledning-ihs@hf.ntnu.no
 

Du kan også booke en veiledningstime 

Kontakt og veiledning