Masterprogram 2-årig, Trondheim

Fysisk planlegging

– Om studieprogrammet
Bilde av studentar som planlegg.

Kva er fysisk planlegging?

Fysisk planlegging tilbyr spesialisering i å forme planar etter plan- og bygningslova. Studentane skal mellom anna utarbeide stedsanalysar, framstille kart og geografiske analyser med GIS-verktøy, jobbe tverrfagleg med å utvikle arealplanar, og presentere dei grafisk i verktøy som Adobe Indesign og Illustrator.

Programmet legg serleg vekt på eit overordna berekraftsperspektiv, samanhengen mellom arealbruk og transport, og bruk av digitale og GIS-baserte verktøy. Undervisninga er ein kombinasjon av teoretiske studiar og praktisk prosjektarbeid.

Kunnskap i praksis

Å studere fysisk planlegging ved NTNU i Trondheim er spesielt interessant da byen står midt i en byutviklingsprosess. Mange områder er under planlegging, en ny sentrumsstrategi for utvikling av Trondheim fram mot 2050 skal utformes, og det er mange aktiviteter som foregår i forbindelse med dette. Som student har du en mulighet for å praktisere det du lærerer gjennom studiet og også en reell påvirkningsmulighet på byutvikling.

Tverrfaglig samarbeid

Arbeid med fysiske planar krev kompetanse innan mange fagfelt og samarbeid mellom ulike fagområde. Det tverrfaglege aspektet er ivareteke ved at masterprogrammet inneheld stor fagleg breidde og studentane har ulike utdanningsbakgrunnar. Fysisk planlegging møter ofte interessemotsetnader som må handterast gjennom samarbeid og opne planprosessar. Programmet legg derfor stor vekt på prosesskompetanse. Studentane får erfaring i å gjennomføre tverrfaglege planprosessar gjennom prosjektarbeid i grupper.

Denne kompetansen er det eit stort behov for både i offentlege etatar og private verksemder. 

Entreprenørskap, innovasjon og nytenking

Masterprogrammet har tett kontakt opp mot ulike delar av offentlege og private verksemder innan fysisk planlegging, og dei vitskapleg tilsette driv forsking og utvikling innan alle delar av faget. Det er ei tett kopling mellom undervisning og forsking. Og mange reelle caser, prosjektoppgåver og masteroppgåver blir gjennomført i samarbeid med kommunar og andre aktørar innan planlegging.

Ulike bakgrunner

Studiet eignar seg for bachelorkandidatar eller tilsvarande med relevant fagbakgrunn og interesse for fysisk planlegging, tverrfagleg samarbeid, formelle og uformelle planprosessar. Eksempel på udanningsbakgrunn er arealplanlegging, ingeniørfag, formingsfag, transportfag, samfunnsfag, kulturminne, naturforvaltning/økologi, økonomi, administrasjon og leiing, og pedagogikk. Eksempel på relevant praksis er arbeid innan fysisk planlegging og leiar for ein planleggingsrelevant sektor, stab eller institusjon i privat eller offentleg verksemd.

Fullført studium gjev graden master i fysisk planlegging. Studiet er tilgangsavgrensa, med 30 studieplassar.

Forskning

Hvordan skape inkluderende nabolag?

Mange ulike botilbud på ett sted oppfattes ofte som noe negativt. Men samlokalisering kan også bidra til et bedre lokalmiljø, viser ny forskningsrapport.