Materprogram 2-årig, Trondheim

Fysisk planlegging

– Læringsutbytte

Etter å ha fullført programmet forventes du å ha oppnådd følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
 

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har inngåande teoretisk og praktisk kunnskap om planlegging, utforming og bruk av våre fysiske omgivnader
  • har inngåande kunnskap om og forståing av Plan- og bygningslova og kjennskap til andre relevante lover og regelverk knytt til fysisk planlegging
  • har god kunnskap om fagområdet sine vitskapelege teoriar, metodar og verktøy
  • har god kunnskap om og forståing av naturgitte og samfunnsmessige rammer for fysisk planlegging og berekraftig utvikling

Ferdigheter

Kandidaten

  • kan arbeide sjølvstendig med faglege problemstillingar i tråd med yrkesetiske og faglege normer
  • kan leie og gjennomføre tverrfagleg planleggingsprosessar og utgreiingsarbeid og samarbeide konstruktivt om fleirfaglege planleggingsoppgåver
  • kan bruke relevante metodar for forsking og utvikling innan fagområdet
  • kan handtere ulike digitale og GIS-baserte verktøy og planleggingsmetodar for å utarbeide arealplanar etter Plan- og bygningslova

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan vise initiativ og evne til å søke ny kunnskap i fagområdet
  • kan bruke tileigna kunnskap og ferdigheiter på mange ulike planleggingsoppgåver
  • kan kommunisere kompleks prosjekt- og prosessinformasjon knytt til ulike planleggingsoppgåver både med spesialistar og allmennheita på ein forståeleg måte
  • kan bidra til nytenking og kritisk refleksjon som kan utvikle fagområdet