Stortingsreferent

Ingjerd Lindeland jobber som referent på Stortinget. Hun mener at språkstudiene i aller høyeste grad er relevante for jobben hun gjør.

Ingjerd Lindeland

Hva skrev du master/hovedfagsoppgave om?

Eg skreiv masteroppgåve innan britisk kulturkunnskap, nærare bestemt britisk politisk historie, med tittelen "Little Englanders or British Bastards - British Euroscepticism and regional differences in the House of Common". Oppgåva mi nytta referat frå parlamentsdebattar i Storbritannia som kjeldemateriale for å undersøke kva argument som vart nytta mot tettare europeisk integrasjon i samband med handsaminga av ulike EU-traktatar. Eg samanlikna argumentasjon frå engelske og skotske representantar og undersøkte om det var utvikling i euroskepsis og regionale forskjellar i samband med aukt sjølvstyre i Skottland.

Hva jobber du med nå, og hvordan var veien dit?

Eg arbeider no som referent på Stortinget. Seksjonen min har ansvar for å produsere referat frå møte i Stortinget, kontrollhøyringar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen, plenumssamling i Nordisk råd, møte i Europautvalet og i Den utvida utanriks- og forsvarskomité.

Jobben fekk eg etter å ha søkt på heilt vanleg måte - eg visste ikkje heilt kva jobben gjekk ut på, men han var veldig utdanningsrelevant, og eg hadde vore arbeidssøkjande i lengre tid etter å ha levert inn masteroppgåva.

På hvilken måte er studiet i relevant for jobben din?

Studia mine er særs relevante for jobben min - eg trudde knapt det var mogleg å finne ein så utdanningsrelevant jobb. Språkstudia er sjølvsagt det som ligg i botn, men det at eg studerte samfunnskunnskap òg, er ein stor fordel, då det er viktig å forstå innhaldet i stortingsdebattane, ikkje berre fokusere på det reint språklege.

Har du noen erfaringer eller råd du ønsker å gi til en som er interessert i å studere språk/litteratur?

Studer det du har lyst til - du skal trass alt arbeide med feltet i mange år, så det er viktig at det er lystbetont! Anbefaler òg å ha breidde i utdanninga, og viktigast av alt: Ta Humanistar i Praksis om du kan!