Avdelingsleder Norsk forfattersentrum Midt-Norge

Guri Sørumgård Hva jobber du med?

Norsk Forfattersentrum er ein medlemsorganisasjon for skjønnlitterære forfattarar. Vi har 1200 medlemmar, 95 av desse bur i Midt-Norge. Vi set forfattarar og oppdragsgjevarar i kontakt med kvarandre og passar på at forfattarane får riktig honorar for oppdrag. Eg bruker mykje av tida mi på å svare på spørsmål på telefon og e-post. Vi lagar òg litterære arrangement og skrivekurs, slik som Æ Å Trondheim litteraturfestival, Litterær hagefest i Adrianstua og Skriveforum. Det artigaste i jobben er å bli kjent med forfattarar, møte kollegaene mine i heile landet, og å få reise på litteraturfestivalar. Det er ein travel arbeidsplass, men òg fleksibel og sosial.

Det artigaste i jobben er å bli kjent med forfattarar, møte kollegaene mine i heile landet, og å få reise på litteraturfestivalar.

Hvordan fikk du jobben etter studiene?

Eg var ferdig med eit hovudfag i allmenn litteratur i 2005, og eg starta å arbeide i Norsk Forfattersentrum i 2009. Før eg fekk stillinga i Norsk Forfattersentrum hadde eg ulike timelærarstillingar ved NTNU, eg var kulturkonsulent i Lesja kommune i eit år, bokhandelmedarbeidar i eit år og dessutan frilansa eg med korrekturlesing, manuslesing og mykje forskjellig.

Eg har så langt gjeve ut to bøker, romanen "Ramstein pensionat" saman med Sigrid Sørumgård Botheim, og antologien "Søsken" saman med Ingrid og Kjersti Rognes Solbu og Sigrid Sørumgård Botheim. Syster mi og eg har hatt mange opplesingsoppdrag og nokre mindre prosjekt, slik som å levere humortekstar til Innsida i Dag og Tid. Det er viktig for meg å få gjort desse andre prosjekta i tillegg til jobben min.

På hvilken måte er dine studier relevant for jobben din?

Eg har nytte av utdanninga mi på arbeid, men det er vanskeleg å forklare det heilt konkret. Det er andre arbeidsmåtar og eit heilt anna tempo på jobb enn det var i utdanninga. Arbeidet er meir oppstykka på ein måte, rastlaust, ein leverer mange "oppgåver" kvar einaste dag. Det er ei utfordring å gå i djubda og å halde seg oppdatert, fordi ein heile tida har 20 ulike e-postar å svare på.

Likevel liker eg betre å arbeide enn å studere. Fagkunnskapane frå utdanninga gjev meg ein tryggleik i jobben. Å klare å planleggje, administrere og koma i mål med store arbeidsoppgåver er viktig. På den måten er det ei relevant erfaring å ha fullført ei hovudfagsoppgåve.

Eg trur det er lurt å vera aktiv som student, å gjera ting ein har lyst til og ikkje bruke all tida si på å studere. Det var vanskeleg å bli ferdig med studia. Eg stod der heilt tom, ante ikkje kva eg skulle finne på. Eg skulle nok ynskt eg hadde eit meir realistisk bilde av arbeidslivet. Men på ei anna side: om eg hadde vore meir oppteken av arbeidsmarknaden, hadde eg kanskje ikkje vald denne utdanninga.

Gjennom studietida var eg med i tidsskriftet Riss, og eg var med på å starte litteraturtidsskriftet Ratatosk, eg var òg med i ei privat lesegruppe og arbeidde som kollokvieleiar. Alt dette gav meg trening i å gjeva tilbakemelding på tekst og å halde presentasjonar. Det var svært viktig for meg. Å vera god på å redigere og å gjeva tilbakemelding på tekstar, er noko eg har stor nytte av i jobben min. På universitetet lærer ein at det er viktig å forberede seg. Det gjeld òg i arbeidslivet. Om ein ynskjer å oppnå noko, må ein forberede seg. Ei utdanning innan nordisk eller allmenn litteraturvitskap kan brukast til mykje. Dessverre får du kanskje ikkje bruk for alle fagkunnskapane, men du får garantert bruk for gode arbeidsmetodar, formuleringsevne og mot til å ta tak i arbeidsoppgåver.