Emne - Karbonat reservoarkarakterisering - TPG4177
Karbonat reservoarkarakterisering
Om
Om emnet
Faglig innhold
Ein reknar med at karbonatreservoar vil bli den viktigaste hyrdrokarbon-kjelda i dette hundreåret. Kurset gjev ei innføring i evaluering av karbonatreservoar ved bruk av materiell frå akademia og industri. Grunnleggande terminologi og konsept vil bli undervist gjennom forelesingar, gruppearbeid og sjølvstudie-oppgåver. Karbonat-geologi og diagenese. Sekvensstratigrafi. Petrofysikk og seismikk i karbonat. Grunnleggande reservoarteknikk og brønntesting. Dette dannar basis for resten av kurset: Kva utfordringar gjev karbonat-reservoar? Eksempel på forskjellige karbonatreservoar vil bli brukt til å vise kor viktig det er med integrasjon av alle teknologi- og geofag for effektiv reservoarstyring. Det blir lagt vekt på integrasjon av forskjellige teknologi- og geo-data gjennom forelesingar, gruppearbeid og sjølvstudie-øvingar. Praktiske studier av forskjellige reservoar (Case studies). Data vil bli gjort tilgjengeleg for å lære å evaluere karbonat-reservoar.
Læringsutbytte
Gje oversikt over grunnleggande terminologi og omgrep om karbonat-bergartar for å kunne forstå geologien og å gjere bruk av seismikk, petrofysikk, reservoarteknikk og brønntesting i tolking av karbonatreservoar.
Læringsformer og aktiviteter
Forelesningar og øvingar, sjølvstudie-oppgåver. Data vil bli gjort tilgjengeleg for gruppearbeid og sjølvstudium for å lære å evaluere carbonatreservoar. Prøver i semesteret tel kvar inntil 30% av emnets sluttkarakter. Ved utsett eksamen (kontinuasjonseksamen) kan skriftleg eksamen bli endra til muntleg eksamen. Undervisningen foregår på engelsk dersom internasjonale masterstudenter velger emnet.
Obligatoriske aktiviteter
- Øvinger
Anbefalte forkunnskaper
Grunnleggande kunnskapar i geologi og petrofysikk.
Kursmateriell
Forelesningsmateriell blir gjort tilgjengeleg under kurset. Lucia, F. Jerry. "Carbonate Reservoir Characterization. Ei god og grunnleggande oversikt kan finnast i: Scholle, P.,A., Bebout, D.,G., and Moore, C.,H., eds. Carbonate despositional evironments. American Association of Petroleum Geologists, Memoir 33.
Fagområder
- Borehullslogging
- Formasjonsevaluering
- Geologi
- Petrofysikk
- Petroleumsgeologi, sedimentologi
- Reservoarteknikk
- Seismikk
Kontaktinformasjon
Faglærere
- Atle Mørk
- Mai Britt Engeness Mørk
- Martin Landrø
- Ole Torsæter