Emne - Kjernekraft, innføring - TKP4185
Kjernekraft, innføring
Om
Om emnet
Faglig innhold
Emnet er delt i ein teoridel (3F+ 3S) og eit prosjektarbeid (4S). I teoridelen inngår oversikt over dagens kjernekraft, produksjon og oppriking av brensel, reaktorteknologi inkl. PWR, BWR, HWR og framtidige reaktorkonsept, resirkulering av brukt brensel, prinsipp og metodar for lagring av avfall, tryggleik, kjernevåpen og innføring i ikkje-spreiingproblematikken.
Læringsutbytte
Ha kunnskap om dei viktigaste komponentane i eit kjernekraftsystem herunder brenselproduksjon, reaktorar, resirkulering og lagring av avfall. Ha kunnskap om kjernevåpen og ikkje-spreiingproblematikken.
Læringsformer og aktiviteter
Forelesingar og prosjektarbeid. Prosjektarbeidet tel 20 % av sluttkarakteren i emnet. Ved utsett eksamen (kontinuasjonseksamen) kan skriftleg eksamen bli endra til munnleg eksamen.
Obligatoriske aktiviteter
- Prosjektoppgåve
Anbefalte forkunnskaper
Basiskunnskapar i uorganisk kjemi og fysikk tilsvarande 1. årstrinn.
Kursmateriell
Artiklar og utdrag frå lærebøker. Oppgjeve ved kursstart.
Fagområder
- Teknologiske fag