course-details-portlet

PPU4755

Fagdidaktikk i norsk - del II

Studiepoeng 7,5
Nivå Grunnleggende emner, nivå I
Undervisningsstart Vår 2011
Varighet 1 semester
Vurderingsordning Mappevurdering , Arbeider

Om

Om emnet

Faglig innhold

Emnet er ein del av praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Emnet skal, saman med
undervisninga i pedagogikk og rettleidd undervisningspraksis i skolen, gi studentane grunnlag
for å undervise i norsk i grunnskolen (frå trinn 5) og i vidaregåande opplæring.
Fagdidaktikken skal vere ei utviding og ei vidareføring av av den kunnskapen studentane har
med seg frå nordiskstudiet, samtidig som den tilfører faget nye dimensjonar. Ein av desse
dimensjonane er at studentane utviklar evna til kritisk refleksjon.

Rammeplanen for praktisk-pedagogisk utdanning og Studieplan for praktisk-pedagogisk utdanning ved NTNU beskriv læringsmåla og rammene for PPU-studiet. Innhaldet i studiet er organisert i fire fokusområde, som dannar ramma for organiseringa av innhaldet i studiet i fagdidaktikk i norsk:

1. Eleven i klasserommet
2. Læraren i klasserommet
3. Læraren i skolen
4. Skolen og samfunnet

Læringsutbytte

Studentane skal kjenne til den rolla språket spelar i høve til læring, refleksjon, sosial og personleg utvikling og kunne kartlegge og vurdere elevane sitt utviklingsnivå, erfaringsgrunnlag, deira forkunnskapar og føresetnader og bruke dette som utgangspunkt for norskopplæringa. Videre skal studenten kunne bruke, grunngi og vurdere eit breitt spekter av tilnærmingsmåtar, arbeidsmåtar og læringsaktivitetar i norskundervisninga og kunne bruke ulike former for elevvurdering for å fremje den enkelte eleven si læring og utvikling i norsk. Studenten skal kunne utvikle kunnskap om og innsikt i formålstenleg rettleiing knytt til elevane sine munnlege og skriftlege tekstar, skaffe seg innsikt og kunnskap som gjer dei i stand til å bruke elevar som ressurspersonar i arbeidet med å utvikle munnlege og skriftlege tekstar. Studenten skal kunne samarbeide med elevar, kollegaer og andre om å skape ein god kultur og eit godt miljø for læring og utvikling i norskfaget og andre fag, samt kjenne til og kunne bruke resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i norskopplæringa og ta del i fagdidaktisk utviklingsarbeid.

Læringsformer og aktiviteter

Undervisninga i norskdidaktikk er organisert slik at dei mest sentrale tema i skolefaget blir dekte. Arbeidsformene varierer mellom forelesingar, førbudde innlegg frå studentane, diskusjonar og samtaler i grupper og plenum, presentasjonar, oppgåver mm. Gjennom eigen erfaring med å organisere gruppearbeid og FoU-arbeid, får studenten kjennskap til feltet samarbeidsmetodikk/gruppedynamikk og utviklingsarbeid. All undervisning er obligatorisk.

Obligatoriske aktiviteter

  • Definerte arbeidskrav
  • Underveisarbeid
  • 80% oppmøte i undervisning
  • Metateksten skal skrives i en annen målform enn mappeteksten i norsk

Forkunnskapskrav

Opptak til femårig lærerutdanning og beståtte eksamener i henhold til forskrift.

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra
PPU4243 7,5 sp
PPU4655 7,5 sp
Dette emne har faglig overlapp med emnene i tabellen over. Om du tar emner som overlapper får du studiepoengreduksjon i det emnet du har dårligst karakter i. Dersom karakteren er lik i de to emnene gis det reduksjon i det emnet som er avlagt sist.

Fagområder

  • Praktisk pedagogikk

Kontaktinformasjon

Eksamen

Eksamen

Vurderingsordning: Mappevurdering

Ordinær eksamen - Høst 2010

Arbeider
Karakter Bokstavkarakterer Vekting 2/3
Arbeider
Karakter Bokstavkarakterer Vekting 1/3

Ordinær eksamen - Vår 2011

Arbeider
Karakter Bokstavkarakterer Vekting 2/3 Dato Innlevering 10.06.2011
Arbeider
Karakter Bokstavkarakterer Vekting 1/3 Dato Innlevering 10.06.2011

Vurderingsordning: Arbeider

Ordinær eksamen - Høst 2010

Arbeider
Karakter Bokstavkarakterer Vekting 100/100

Ordinær eksamen - Vår 2011

Arbeider
Karakter Bokstavkarakterer Vekting 100/100 Dato Innlevering 10.06.2011