Emne - Utøving dans B - DANS4120
Utøving dans B
Nytt fra studieåret 2010/2011
Om
Om emnet
Faglig innhold
Studenten skal byggja opp eit danserepertoar, og fordjupa seg i obligatorisk og sjølvvalgt danserepertoar og nokre tradisjonsområde. Studenten skal i tillegg til undervisinga delta i dansing knyta til tradisjonsmiljø/folkedanslag, og delta i husframsyningar og prosjekt.
Obligatorisk kurs: Kurset Andre danseformer I gir ei elementær innføring i teknikkar frå teaterdans. Praktisk fellesundervising, forelesing og grupper. Vurdering: Fullført/Ikkje fullført på grunnlag av deltaking i obligatorisk undervising.
Læringsutbytte
Studiemålet er å kunne utøva og formidla tradisjonsdans på eit høgt nivå både solistisk, som pardans og i grupper.
Læringsformer og aktiviteter
Emnet er samlingsbasert. Obligatorisk fellesundervisning, par- og individuell danseundervising av læremeistrar/læremeistermiljø og faglærarar. Studenten får individuelle praktiske oppgåver mellom samlingane. Studenten skal læra seg danseformer frå tradisjonsmiljø, filmopptak og skriftlege kjelder gjennom rettleia sjølvstudium. Obligatorisk skriving av loggbok, og produksjon av øvingsopptak mellom samlingane Obligatorisk skriving av halvårsrapportar av eiga danseutvikling/danseøving basert på desse. Vekentleg vegleiing med basis sjølvøving og dei obligatoriske oppgåvene.
Obligatoriske aktiviteter
- Tilfredsstillande deltaking i undervising
- Kurset Andre danseformer I
- Tilfredsstillande deltaking i undervisning og kurset Andre danseformer I. Loggbok og øvingsopptak.
- Rapport
- Loggbok og øvingsopptak
Spesielle vilkår
Krever opptak til studieprogram:
Dansevitenskap (BDANS)
Forkunnskapskrav
Fullført DANS 4110 eller tilsvarande.
Fagområder
- Dansevitenskap