course-details-portlet

DANS4110

Utøving dans A

Undervises ikke studieåret 2010/2011

Studiepoeng 22,5
Nivå Grunnleggende emner, nivå I
Undervisningsspråk Norsk

Om

Om emnet

Faglig innhold

Sentrale moment er grunnleggjande danseteknikk og utvikling av sjølvøvingsteknikkar. Studenten skal i tillegg til den ordinære undervisinga delta i dansing knyta til tradisjons- og folkedansmiljø, og delta i husframsyningar og prosjekt.

Obligatorisk kurs: "Musikken i dansen". Praktisk fellesundervising, forelesing og grupper. Kurset vert vurdert til fullført/ikkje-fullført på grunnlag av deltaking i obligatorisk undervising.

Læringsutbytte

Studiemålet er å kunne utøva og formidla tradisjonsdans på eit høgt nivå både solistisk og som pardans.

Læringsformer og aktiviteter

Emnet er samlingsbasert. Obligatorisk fellesundervising i danseteknikk, par- og solodansar. Noko gruppeundervising. Studenten får individuelle praktiske oppgåver mellom samlingane, som også omfattar obligatorisk skriving av loggbok og produksjon av øvingsopptak. Munnleg rapport frå deltaking i tradisjons- og folkedansmiljø. Vekentleg rettleiing med basis i sjølvøving og dei obligatoriske oppgåvene.

Hovuddansoppgåva i emnet DANS1002 Tradisjonskunnskap II vil bli nærare rettleia til yttarlegare fordjuping under dette emnet. Studentar som tidlegare har teke DANS1002 er venta å gjera eit nytt hovuddansarbeid eventuelt følgja opp tidlegare hovuddansarbeid under dette emnet, og delta i offentleg visning. Hovuddansarbeidet vil under emnet DANS4010 bli vurdert til fullført/ikkjefullført.

Obligatoriske aktiviteter

  • Loggbok og øvingsopptak.
  • Kurset Musikken i dansen
  • Offentleg visning av hovuddansarbeid.
  • Tilfredsstillande deltaking i undervising

Spesielle vilkår

Krever opptak til studieprogram:
Dansevitenskap (BDANS)

Forkunnskapskrav

Opptak til BA i dansevitskap, studieretning utøvarstudium i tradisjonsdans.

Fagområder

  • Dansevitenskap

Kontaktinformasjon

Ansvarlig enhet

Institutt for musikk

Eksamen

Eksamen