course-details-portlet

DANS2002

Etnokoreologi, dokumentasjon og notasjon

Studiepoeng 15
Nivå Videregående emner, nivå II
Undervisningsstart Høst 2010
Varighet 2 semestre
Undervisningsspråk Engelsk og norsk
Vurderingsordning Mappevurdering

Om

Om emnet

Faglig innhold

Temaet gir eit oversyn over hovudretningar i etnologisk og antropologisk danseforsking. Det blir lagt vekt på teori og metode. Eit lite utval eksempel på prosjekt frå ulike verdsdelar blir gjennomgått, eller emnet kan velja ut eit bestemt tema som blir utgangspunktet for gjennomgangen. Temaet gir vidare ei innføring i feltarbeidsmetode og dokumentasjonsarbeid når det gjeld dans. Studentane får rettleiing til gjennomføring av eit enkelt prosjekt der dei dokumenterar dans på video, registrerer, analyserer, drøfter og presenterer materialet gjennom ei skriftleg prosjektoppgåve. Studentane gjer feltarbeidet i gruppe eller enkeltvis, men leverer oppgåva individuelt. Temaet gir dessutan ei enkel innføring i det internasjonale notasjonssystemet Kinetografi Laban (Labanotasjon).

Læringsutbytte

Studentane skal få innsyn i teoridanning innafor etnologisk og antropologisk danseforsking. Dei skal få kunnskap om og praksis i feltabeidsteknikk og dansenotasjon.

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, praktiske øvingar og rettleiing på prosjektoppgåve. Undervisninga er samlingsbasert.
Nærare om undervisningsordninga: Prosjektoppgåve, praktisk prøve, mappeevaluering og godkjent presentasjon av skriftleg oppgåve. Studentane leverer mappe som blir vurdert samla med bokstavkarakter etter avslutting av undervisninga. Mappa skal innehalda svar på to oppgåvesett. Dei to oppgåvesetta tel likt. Studentane blir vidare vurderte med bokstavkarakter for ei skriftleg prosjektoppgåve med video basert på feltarbeid, og skal ha fått godkjent presentasjon av oppgåve og video. Dei blir vurderte med bokstavkarakter for ein praktisk prøve i Kinetografi Laban. Mappa tel 2/5, prosjektoppgåva tel 2/5 og den praktiske prøven 1/5. Ved stryk på ei av delprøvene (mappe, prosjektoppgåve, praktisk prøve) må ein ta opp igjen den delen ein stryk på. Stryk ein på mappa, må heile mappa leverast på nytt.

Obligatoriske aktiviteter

  • Presentasjon av oppgåve og video

Fagområder

  • Dansevitenskap

Kontaktinformasjon

Emneansvarlig/koordinator

Ansvarlig enhet

Institutt for musikk

Eksamen

Eksamen

Vurderingsordning: Mappevurdering
Karakter: Bokstavkarakterer

Ordinær eksamen - Vår 2011

Mappeevaluering
Vekting 2/5
Oppgave
Vekting 2/5
Praktisk eksamen
Vekting 1/5