course-details-portlet

DANS2001

Dansens historie og estetikk

Undervises ikke studieåret 2010/2011

Studiepoeng 15
Nivå Videregående emner, nivå II
Undervisningsspråk Engelsk og norsk

Om

Om emnet

Faglig innhold

Temaet gir ei kort innføring i estetikkens teori og historie med utgangspunkt i dans, og ein konsentrert gjennomgang av europeisk dansehistorie med utsyn til andre verdsdelar. Gjennomgangen omfattar enkle praktiske øvingar og gjennomgang av illustrasjonsmateriale på m.a. video. Studentane får innføring i verkanalyse, kjeldekritikk og tolking av kjelder, og arbeider individuelt og i grupper med historisk kjeldemateriale ut frå mappeoppgåver.

Læringsutbytte

Studentane skal få kunnskap om europeisk dansehistorie og dansehistorisk teoridanning. Dei skal læra kjeldekritikk, tolking av dansehistorisk kjeldemateriale, og få innblikk i relevante analysemetoder og teoretiske innfallsvinklar til studiet av dans.

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, øvingar, grupper.
Nærmere om vurderingsordninga: Studentane leverer mappeoppgåver som blir vurderte med samla bokstavkarakter etter avslutting av undervisninga. Mappa skal innehalda svar på ei kjeldehistorisk oppgåve løyst gjennom kollokviearbeid og etterfølgjande presentasjon i klasserom. Ho inneheld vidare to oppgåvesett, av desse minst ein verkanalyse. Klasseromsoppgåva kan erstattast med svar leverte som heimeoppgåve. Dei tre oppgåvesetta tel likt. Stryk ein på mappa, må heile mappa leverast på nytt.

Obligatoriske aktiviteter

  • Presentasjon av kjeldehistorisk oppgåve

Fagområder

  • Dansevitenskap

Kontaktinformasjon

Ansvarlig enhet

Institutt for musikk

Eksamen

Eksamen