course-details-portlet

DANS1008

Folkedansmetodikk II

Undervises ikke studieåret 2010/2011

Studiepoeng 7,5
Nivå Grunnleggende emner, nivå I
Undervisningsspråk Engelsk og norsk
Vurderingsordning Oppgave og muntlig eksamen

Om

Om emnet

Faglig innhold

Modulen delar det folkelege norske repertoaret av samværsdans inn i fire ulike emne:
• Runddans og songleik
• Turdans og songdans.
• Dansar frå 1900-talet.
• Bygdedans
Kvar student vel eitt av desse emna som Folkedansmetodikk II. Det gir eit utgangspunkt for arbeidet med folkeleg danseteknikk og praktisk instruksjon.
Undervisinga i kvart emne er dels praktisk innføring i danseteknikk og instruksjonsteknikk for den aktuelle dansegenren, dels eit opplegg for instruksjonstrening. Det er fire emne å velja mellom, og studenten skal laga ein skriftleg og grunngitt plan for instruksjon av eit lite utval dansar frå kvart emne ho/han vel. Studenten skal dessutan gjennomføra instruksjon i ein slik dans for kvart emne. Studenten vel to av dei fire emna som Folkedansmetodikk I og II og desse går inn i basisdelen av fordjupinga. Studenten kan så velja dei to siste emna, eller berre eitt av dei, Folkedansmetodikk III og IV, som valfrie fordjupingsemne.
Folkedansmetodikk II blir såleis det andre basisemnet av to studenten vel innafor folkedansmetodikk, uansett kva innhald det har.
Alle emna vil ha ein felles undervisningsbolk der studentane får ei innføring i didaktiske problemstillingar med opplæring i alle typar norsk folkedans for barn, ungdom og vaksne.

Læringsutbytte

Studentane skal utvikla ei analytisk og praktisk tilnærming til folkeleg danseteknikk i det materialet emnet omfattar. Dei skal utvikla evna til refleksjon og teoridanning omkring instruksjonsteknikken for den valde dansegenren.

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, praktiske øvingar, rettleiing.
Undervisninga er samlingsbasert.
Obligatorisk undervisning og skriftleg oppgåve.
Vurderingsform: Presentasjon av skriftleg oppgåve og praktisk prøve. Studentane blir vurderte med bokstavkarakter for presentasjon av ei skriftleg oppgåve og for praktisk prøve. Presentasjonen tel 2/3 og praktisk prøve 1/3. Ved stryk på ei av delprøvene (presentasjon, praktisk prøve) må ein ta opp att igjen den delen ein stryk på.

Obligatoriske aktiviteter

  • Tilfredsstillende deltagelse i obligatorisk undervisning

Forkunnskapskrav

DANS1001 Tradisjonskunnskap folkedans I og DANS1002 Tradisjonskunnskap folkedans II

Studiepoengreduksjon

Emnekode Reduksjon Fra
DANS2014 7,5 sp
Dette emne har faglig overlapp med emnet i tabellen over. Om du tar emner som overlapper får du studiepoengreduksjon i det emnet du har dårligst karakter i. Dersom karakteren er lik i de to emnene gis det reduksjon i det emnet som er avlagt sist.

Fagområder

  • Dansevitenskap
  • Folkedans

Kontaktinformasjon

Ansvarlig enhet

Institutt for musikk

Eksamen

Eksamen

Vurderingsordning: Oppgave og muntlig eksamen
Karakter: Bokstavkarakterer

Ordinær eksamen - Vår 2011

Oppgave
Vekting 2/3
Praktisk eksamen
Vekting 1/3