Emne - Tradisjonskunnskap folkedans II - DANS1002
Tradisjonskunnskap folkedans II
Om
Om emnet
Faglig innhold
Modulane Tradisjonskunnskap folkedans I-II gir studentane eit oversyn over sjangrane og dialektvariasjonen i dans og musikk når det gjeld dei folkelege norske danseformene og set dei inn i kulturhistoriske og dansehistoriske samanhengar. Undervisinga skjer ved førelesingar og arbeid med film og nedteikningar. Ei viss orientering om parallelle former i andre land høyrer med. Dei to modulane heng nøye saman, og for å få eit fullstendig bilete, treng ein begge. Tradisjonskunnskap folkedans II emnet byggjer på Tradisjonskunnskap folkedans I og gir ei innføring i danseanalyse med eit skriftleg obligatorisk arbeid som omfattar filmanalyse, nedteikning og innlæring av eit dansemateriale. I tillegg kjem den delen av sjanger- og dialektvariasjonen som knyter seg til songleik, turdans, songdans og 1900-talsdans. Studentane legg opp eit lite utval folkelege danseformer knytt til denne delen. Det er eit hovudpoeng å arbeida med folkeleg stil og danseteknikk ut frå filmdokumentasjon. Nokre døme på dansemusikken høyrer med.
Læringsutbytte
Studentane skal få kunnskap om norsk tradisjonsdans ut frå ei etnokoreologisk tilnærming, ferdighet i danseanalyse og forståing for folkeleg danseteknikk.
Læringsformer og aktiviteter
Samlingsbaserte førelesingar, praktiske øvingar og rettleiing. Obligatorisk oppmøte i undervisninga.
Nærmare om undervisningsordninga: Mappeevaluering, presentasjon av hovuddansoppgåve og praktisk prøve.
Studentane leverer ei mappe med løyste oppgåver som blir vurderte samla med bokstavkarakter etter sluttførd undervisning. Dei blir vurderte med bokstavkarakter for presentasjon av hovuddansoppgåve og for ein praktisk prøve i dansepensum. Mappa tel 1/4, presentasjon av hovuddansoppgåve 2/4 og praktisk prøve 1/4. Mappa skal innehalda svar på eit sett av danseanalyseoppgåver løyste i klasserom og ei drøftingsoppgåve løyst i kollokvier med individuell forming av endelege svar i klasserom. Setta i mappa tel likt. Ved stryk på ei av delprøvene (mappe, hovuddansoppgåve, praktisk prøve) må ein ta opp igjen den delen ein stryk på. Stryk ein på mappa, må heile mappa leverast på nytt.
Studentane på BA i dansevitskap, studieretning utøvarstudium i tradisjonsdans får strengare krav til den utøvande delen av presentasjonen av hovuddansoppgåva. For desse studentane vil eksamen bli offentleg.
Obligatoriske aktiviteter
- Skriftlig oppgave/Hovuddansoppgåve
- Tilfredsstillende deltagelse i obligatorisk undervisning
Forkunnskapskrav
DANS1001 Tradisjonskunnskap folkedans I.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| DANS1011 | 7,5 sp |
Fagområder
- Dansevitenskap
- Folkedans