Emne - Tradisjonskunnskap folkedans I - DANS1001
Tradisjonskunnskap folkedans I
Om
Om emnet
Faglig innhold
Modulane Tradisjonskunnskap folkedans I-II gir studentane eit oversyn over sjangrane og dialektvariasjonen i dans og musikk når det gjeld dei folkelege norske danseformene, og set dei inn i kulturhistoriske og dansehistoriske samanhengar. Undervisninga skjer ved førelesingar og arbeid med film og nedteikningar. Ei viss orientering om parallelle former i andre land høyrer med. Dei to modulane heng nøye saman, og for å få eit fullstendig bilete, treng ein begge. Modul I gir ei innføring i teoristoffet, i forskingsmetode og teknikkar, og i den delen av sjanger- og dialektvariasjonen som knyter seg til runddans og bygdedans. Studentane legg opp eit lite utval folkelege danseformer knytt til denne delen. Det er eit hovudpoeng å arbeida med folkeleg stil og danseteknikk ut frå filmdokumentasjon. Nokre døme på folkemusikk høyrer med.
Læringsutbytte
Studentane skal få kunnskap om norsk tradisjonsdans ut frå ei etnokoreologisk tilnærming, ferdighet i danseanalyse og forståing for folkeleg danseteknikk.
Læringsformer og aktiviteter
Samlingsbaserte førelesningar og praktiske øvingar. Obligatorisk oppmøte i undervisninga.
Nærmare om vurderingsordninga: Mappeevaluering og praktisk prøve. Studentane leverer ei mappe med løyste oppgåver som blir vurderte samla med bokstavkarakter etter sluttførd undervisning. Dei blir vurderte med bokstavkarakter i dansepensum gjennom ein praktisk prøve. Mappa tel 2/3 og praktisk prøve 1/3. Mappa skal innehalda svar av eit sett terminologiøvingar for dans og musikk løyste heime, eit sett av danseanalyseoppgåver løyste i klasserom og ei drøftingsoppgåve løyst i kollokvier med individuell forming av endelege svar heime. Dei tre delane i mappa tel likt. Ved stryk på ei av delprøvene (mappe eller praktisk prøve) må ein ta opp igjen den delen ein stryk på. Stryk ein på mappa, må heile mappa leverast på nytt.
Obligatoriske aktiviteter
- Tilfredsstillende deltagelse i obligatorisk undervisning
Forkunnskapskrav
Dokumentert danseferdighet.
Emnet er tallmessig adgangsregulert. Det vil si at det har et begrenset antall plasser.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| DANS1011 | 15 sp |
Fagområder
- Dansevitenskap
- Folkedans