Emne - Fordypningskurs i allmenn litteratur etter 1800 - ALIT2203
Fordypningskurs i allmenn litteratur etter 1800
Om
Om emnet
Faglig innhold
Emnet gir eit vidaregåande kurs i avgrensa emne innafor nyare, framfor alt europeisk, litteratur frå romantikken og fram til i dag.
Emnet kan sette søkjelys på ein bestemt epoke, eit straumdrag eller ein sjanger (symbolismens lyrikk, den naturalistiske romanen, det moderne dramaets gjennombrott, absurdismens litteratur, 1910-talets modernistiske lyrikk osv.) eller vere tematisk avgrensa.
Dei kan også sette lys på litteraturen i ein sosial, idéhistorisk og tverrestetisk samanheng (for eksempel impresjonismen i kunst og litteratur, 1910-talets modernisme i teater, musikk, kunst og litteratur), eller adaptasjonar mellom litteratur og andre media.
Læringsutbytte
Emnet skal gi studentane eit vidaregåande kurs i avgrensa emne innafor nyare, først og fremst europeisk litteratur frå romantikken og fram til i dag.
Læringsformer og aktiviteter
Seminar. Det krevst aktiv deltaking av studentane med munnlege framføringar, kommentarar og liknande.
Obligatorisk aktivitet:
Godkjend pensumliste og godkjent seminarinnlegg (ca. 15 min.) eller skriftleg oppgåve (ca. 4-5 s.).
Vurderingsform:
2-vekers heimeoppgåve på 12-15 sider.
Obligatoriske aktiviteter
- Godkjend seminarinnlegg eller godkjend skriftleg oppgåve
- Godkjend pensumliste
Anbefalte forkunnskaper
Basisemne i allmenn litteraturvitskap eller anna relevant utdanning tilsvarande 60 studiepoeng.
Forkunnskapskrav
Ingen.
Kursmateriell
Ei eiga pensumliste med pensumlitteratur for emnet.
Pensum utgjer omlag ni verk eller tilsvarande.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| HFALIT206 | 15 sp | |
| LITT2203 | 15 sp |
Fagområder
- Allmenn litteraturvitenskap
Kontaktinformasjon
Eksamen
Eksamen
Ordinær eksamen - Høst 2010
Hjemmeeks
Innlevering 17.12.2010 Varighet 2 uker
Ordinær eksamen - Vår 2011
Hjemmeeks
Innlevering 03.06.2011 Varighet 2 uker