Emne - Innføring i moderne litteraturteori - ALIT1104
Innføring i moderne litteraturteori
Om
Om emnet
Faglig innhold
Emnet gir ei grunnleggande innføring i dei siste hundre åras litteraturteori. Her blir litteraturteorien forstått som ein refleksjon over korleis litteraturen tematiserar, utdjupar og utviklar menneskets forhold til seg sjølv, til verda og til språket.
Emnet rommar også ein historisk komponent som gir eit overblikk over dei viktigaste litteraturvitskaplege teoriretningane.
I løpet av emnet blir ein kjent med moderne teoretikarar og filosofar som har prega vår tids humanistiske debatt. Viktige namn i denne samanhengen er Erich Auerbach, Mihail Bakhtin, Walter Benjamin, Theodor Adorno, Roman Jakobson, Roland Barthes, Susan Sontag og Shosana Felman.
Læringsutbytte
Emnet skal gi studentane ei grunnleggande innføring i dei siste hundre åras litteraturteori. Studentane skal lese og gjere seg fortruleg med ei rekke moderne teoretikarar og filosofar som har prega vår tids humanistiske debatt, og dei skal utvikle sin refleksjon over korleis litteraturen tematiserer, utdjupar og utviklar menneskets forhold til seg sjølv, til verda og til språket.
Læringsformer og aktiviteter
Førelesningar og gruppeundervisning med oppgåveskriving. Rettleiing undervegs.
Obligatorisk aktivitet:
Godkjend skriftleg oppgåve (4-5 sider) med tilbakemelding.
Tidsomfang:
1/2 semester (januar - mars).
Obligatoriske aktiviteter
- Godkjend skriftleg oppgåve
Anbefalte forkunnskaper
EXFAC0003 eller tilsvarende.
Forkunnskapskrav
Ingen.
Kursmateriell
Ei eiga pensumliste med pensumlitteratur for emnet.
Studentar som vil leggje opp eit pensumforslag frå eit tidlegare semester kan gjere det ved å levere ei pensumliste til godkjenning ved instituttet innen gitte fristar.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| ALIT1106 | 15 sp | |
| HFALIT104 | 15 sp |
Fagområder
- Allmenn litteraturvitenskap