Emne - Litteraturen fra 1800 til idag - ALIT1103
Litteraturen fra 1800 til idag
Om
Om emnet
Faglig innhold
Modulen gir ei innføring i den nyare litteraturen frå romantikken tidleg på 1800-talet fram til postmodernismen i vår eiga tid. Dei viktigaste forfattarane og verka ein blir kjent med, er Gustave Flauberts Madame Bovary, Fjodor Dostojevskis Dobbeltgjengeren, Henrik Ibsens Gengangere, Virginia Woolfs To the Lighthouse, Samuel Becketts Endgame, Tom Stoppards Travesties og Marguerite Duras Elskeren. I tillegg blir det undervist i eit tekstutval med lyrikk og teori. Slik vil kurset gi ei forståing av kunst og litteratur i vår eiga samtid. Undervisninga vil også trekke relevante parallellar til andre kunstartar innafor ein meir allmenn historisk, filosofisk og samfunnsmessig samanheng.
Læringsutbytte
Emnet skal gi studentane ei innføring i den nyare litteraturen frå romantikken tidleg på 1800-talet og fram til postmodernismen i vår eiga tid. Studentane skal lese og kunne gjere greie for fleire av dei viktigaste verka frå denne perioden og utvikle ei tverrestetisk forståing av kunst og litteratur i vår eiga samtid og nære fortid.
Læringsformer og aktiviteter
Førelesningar og gruppeundervisning med oppgåveskriving.
Obligatorisk aktivitet:
Godkjend skriftleg oppgåve (4-5 sider) med tilbakemelding.
Tidsomfang:
1/2 semester (mars - juni).
Obligatoriske aktiviteter
- Godkjend skriftleg oppgåve
Anbefalte forkunnskaper
EXFAC0003 eller tilsvarende.
Forkunnskapskrav
Ingen.
Kursmateriell
Ei eiga pensumliste med pensumlitteratur for emnet.
Studentar som vil leggje opp eit pensumforslag frå eit tidlegare semester kan gjere det ved å levere ei pensumliste til godkjenning ved instituttet innen gitte fristar.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| ALIT1105 | 7,5 sp | |
| ALIT1106 | 7,5 sp | |
| HFALIT103 | 15 sp |
Fagområder
- Allmenn litteraturvitenskap