Emne - Litteraturen fra 1500 til 1800 - ALIT1102
Litteraturen fra 1500 til 1800
Om
Om emnet
Faglig innhold
Emnet gir ei innføring i fleire av dei kunstnarisk største og mest fargerike epokane i Europas historie, som renessansen, barokken, klassisismen og opplysningstida.
Dei viktigaste forfattarane og verka ein blir kjent med, er Shakespeares Hamlet, Cervantes Don Quijote, Molières Tartuffe, Racines Fedra, Prévosts Manon Lescaut, Fieldings Joseph Andrews og Goethes Faust. Eit representativt utval av lyrikken frå desse hundreåra dannar saman med teoriar om diktekunsten basis for ei tverrestetisk forståing av dei stilepokane som kurset omfattar. Dette inneber at undervisninga vil trekke relevante parallellar til andre kunstartar innafor ein meir allmenn historisk, filosofisk og samfunnsmessig samanheng.
Læringsutbytte
Emnet skal gi studentane ei innføring i fleire av dei kunstnarisk største og mest fargerike epokane i Europas kulturhistorie, som renessansen, barokken, klassisismen og opplysningstida. Studentane skal lese og kunne gjere greie for fleire av dei viktigaste verka frå denne perioden og utvikle ei tverrestetisk forståing av dei stilepokane som kurset omfattar.
Læringsformer og aktiviteter
Førelesningar og gruppeundervisning med oppgåveskriving.
Obligatorisk aktivitet:
Godkjend skriftleg oppgåve (4-5 sider) med tilbakemelding.
Tidsomfang:
1/2 semester (oktober - desember).
Obligatoriske aktiviteter
- Godkjend skriftleg oppgåve
Anbefalte forkunnskaper
EXFAC0003 eller tilsvarende
Forkunnskapskrav
Ingen.
Kursmateriell
Ei eiga pensumliste med pensumlitteratur for emnet.
Studentar som vil legge opp eit pensumforslag frå eit tidlegare semester kan gjere det ved å levere pensumlista til godkjenning ved instituttet innen gitte fristar.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| ALIT1111 | 7,5 sp | |
| ALIT1112 | 7,5 sp | |
| HFALIT102 | 15 sp |
Fagområder
- Allmenn litteraturvitenskap