Emne - Litteraturen fra antikken til 1500 - ALIT1101
Litteraturen fra antikken til 1500
Om
Om emnet
Faglig innhold
Emnet skal gi studentane ei grunnleggande innføring i den vestlege litteraturens historie frå antikken til renessansen.
Emnet omfattar fleire av dei klassiske verka frå denne perioden, som Homers Odysseen, Sofokles Kong Ødipus, Sapfos kjærleikslyrikk, Vergils Aeneiden, bibelske tekstar, Dantes Den guddomlege komedien og Boccaccios Dekameronen.
Undervisninga tek for seg dei klassiske sjangranes opphav, utvikling og poetikk i ein estetisk, historisk og kulturell samanheng og viser korleis denne litteraturen gir nøklar til å forstå både litteratur og andre kulturformer i vår eiga tid.
Den siste delen av emnet tek for seg den italienske renessansen på 1300- og 1400-talet, som er utgangspunktet for den moderne litterære tradisjonen.
Læringsutbytte
Emnet skal gi studentane ei grunnleggande innføring i den vestlege litteraturens historie frå antikken til renessansen. Studentane skal lese og kunne gjera greie for fleire av dei klassiske verka frå denne perioden. Dei skal også kunne reflektere over korleis desse verka gir nøklar til å forstå både litteratur og andre kulturformer i vår tid.
Læringsformer og aktiviteter
Førelesningar og gruppeundervisning med oppgåveskriving.
Obligatorisk aktivitet:
Godkjend skriftleg oppgåve (4-5 sider) med tilbakemelding.
Tidsomfang:
1/2 semester (august - oktober).
Obligatoriske aktiviteter
- Godkjent skriftlig oppgave
Anbefalte forkunnskaper
EXFAC0003 eller tilsvarande.
Forkunnskapskrav
Ingen.
Kursmateriell
Ei eiga pensumliste med pensumlitteratur for emnet.
Studentar som vil leggje opp eit pensumforslag frå eit tidlegare semester kan gjere det ved å levere ei pensumliste til godkjenning ved instituttet innen gitte fristar.
Studiepoengreduksjon
| Emnekode | Reduksjon | Fra |
|---|---|---|
| ALIT1111 | 7,5 sp | |
| ALIT1112 | 7,5 sp | |
| HFALIT101 | 15 sp |
Fagområder
- Allmenn litteraturvitenskap