Bachelorprogram 3-årig, Trondheim

Allmenn litteraturvitskap

Læringsmål

Bachelor i nordisk og litteraturvitskap – studieretning allmenn litteraturvitskap

Ein kandidat som har fullført ein bachelorgrad med fordjuping i allmenn litteratuvitskap, har følgjande totale læringsutbytte, definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskapar

Bachelorkandidatane i allmenn litteraturvitskap

  • har kunnskap om dei store klassiske verka i den vestlege litterære tradisjonen frå antikken til moderne tid
  • forstår litteraturen i ein større estetisk, kulturell og historisk samanheng på tvers av språk og landegrenser
  • har kunnskap om opphavet, utviklinga og poetikken til sjangrane
  • kjenner hovudprinsippa for litterær analyse innanfor ulike teoretiske tradisjonar
  • er kjende med litteraturvitskap som forskingsfelt
  • har kjennskap til fagfeltet si historie, tradisjon, eigenart og samfunnsrelevans
  • forstår den gjensidige påverknaden mellom samfunnet og litteraturen

Ferdigheiter

Bachelorkandidatane i allmenn litteraturvitskap

  • kan samanlikne og analysere litteratur frå ulike sjangrar, epokar og språkområde
  • kan bruke litteraturvitskapeleg metode på ulike typar tekst kan reflektere over korleis litteraturen har innverknad på mennesket si sjølvforståing
  • kan greie ut om den gjensidige påverknaden mellom litteratur, kultur og samfunn
  • kan presentere og diskutere litterære problemstillingar i munnleg og skriftleg form

Generell kompetanse

Bachelorkandidatane i allmenn litteraturvitskap

  • har brei kulturkompetanse
  • har utvikla evna til kritisk og sjølvstendig tenking, og til å framføre eit godt formulert resonnement
  • har ein generell tekstkompetanse som kan brukast i produksjon av ulike typar tekst
  • kan analysere og vurdere ulike former for språkleg kommunikasjon
  • kan planleggje og gjennomføre individuelle og grupperelaterte arbeidsoppgåver og prosjekt av kortare og lengre art
  • kan presentere og formidle problemstillingar, synspunkt og løysingar, både skriftleg og munnleg
  • har innsikt i humaniora sin eigenart og rolle i samtida