Operasjonssjukepleie

Vidareutdanning, Ålesund

Operasjonssjukepleie

– Studiets oppbygging

Vidareutdanninga i operasjonssjukepleie er organisert som et heiltidsstudium over tre semester, der det blir veksla mellom teori- og praksisstudier.

Organisering av studiet

Studiet er organisert som eit heiltidsstudium over tre semester. Kvart semester startar med ei teoriblokk lagt til NTNU i Ålesund, resten av semesteret er organisert i kliniske studie. Praksisstudia blir gjennomført i aktuelle spesialavdelingar ved sjukehusa i Møre og Romsdal.

Aktiv deltaking er ein føresetnad for læring og utvikling. Det vert gjennomført ulike former for forskingsbasert undervisning. Dette inkluderer mellom anna førelesingar, arbeid med studiespørsmål individuelt og i grupper, presentasjonar og ulike praktiske øvingar.


Ser du etter eldre studieplanar? Sjå oversikten over alle studiehåndbøker og studieplanar ved NTNU.

studyprogramme-planner-portlet

Studieplan