Operasjonssjukepleie

Vidareutdanning, Ålesund

Operasjonssjukepleie

– Om operasjonssjukepleie

Studiet tek sikte på å foreine eit høgt teknisk nivå med yrkesretta innsikt og klinisk erfaring som kvalifiserer til ulike stillingar i kirurgisk verksemd. Operasjonssjukepleiaren har inngåande kjennskap til operasjonstekniske prinsipp, kirurgiske undersøkingar og behandling og er ein sentral medspelar før, under og etter det operative inngrepet. Neste studiestart er hausten 2018.

Operasjonssjukepleie er eit spesialområde som krev kunnskap om og forståing for den akutt eller kritisk sjuke operasjonspasientens situasjon. Studiet byggjer på gjeldande rammeplan for operasjonssjukepleie frå 2005.

Fakta om studieprogrammet

Fakta

Gradsnivå: Vidareutdanning
Studiepoeng: 90
Undervisingsform: Heiltid

Institutt for helsevitenskap i Ålesund

Stad: Ålesund
Søknadsfrist: 15. april 2018

Informasjonen gjeld: Informasjonen om programmet gjeld for studieåret 2018/2019