Vidareutdanning, Ålesund

Operasjonssjukepleie

Bilde fra en operasjonsstue og en pågående operasjon

Om operasjonssjukepleie

Studiet tek sikte på å foreine eit høgt teknisk nivå med yrkesretta innsikt og klinisk erfaring som kvalifiserer til ulike stillingar i kirurgisk verksemd. Operasjonssjukepleiaren har inngåande kjennskap til operasjonstekniske prinsipp, kirurgiske undersøkingar og behandling og er ein sentral medspelar før, under og etter det operative inngrepet. Neste studiestart er hausten 2018.


Opptakskrav

Bachelorgrad i sjukepleie, offentleg autorisasjon som sjukepleiar og tilsvarande minst to år fulltidspraksis som sjukepleiar etter autorisasjon.


Vidare studier

Vidareutdanning i operasjonssjukepleie gir grunnlag for å søke innpass i mastergraden avansert klinisk sjukepleie ved NTNU Ålesund.


Studiets oppbygging

Studiet er organisert som eit heiltidsstudium over tre semester. Kvart semester startar med ei teoriblokk lagt til NTNU Ålesund, resten av semesteret er organisert i kliniske studium. Praksisstudia blir i hovudsak gjennomførte ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Det er høve til å gjennomføre deler av dei kliniske studia ved andre sjukehus.


Studieveiledning

Ta gjerne kontakt med våre studieveiledere. De svarer på faglige spørsmål om studiet.

Fakta

Gradsnivå: Vidareutdanning
Studiepoeng: 90
Undervisingsform: Heiltid

Institutt for helsevitenskap i Ålesund

Stad: Ålesund
Søknadsfrist: 15. april 2018

Informasjonen gjeld: Informasjonen om programmet gjeld for studieåret 2018/2019

Søk opptak

Du registrerer søknaden din på NTNUs søknadsweb.

Søk opptak