Anestesisjukepleie

Vidareutdanning, Ålesund

Anestesisjukepleie

– Om anestesisjukepleie

Studiet gir kompetanse i å utøve anestesisjukepleie til pasientar som treng medisinsk og/eller kirurgisk behandling på grunn av akutt og kritisk sjukdom eller skade. Utdanninga kvalifiserer til arbeid i ulike anestesi- og operasjonsavdelingar i spesialisthelsetenesta og til prehospital teneste utanfor sjukehus. Neste studiestart er hausten 2018.

Anestesisjukepleiaren si yrkesutøving krev utvida sjukepleiekunnskap og nødvendig medisinsk basiskunnskap om den akutt/kritisk sjuke pasienten og den spesielle situasjonen pasienten er i. Anestesisjukepleiaren arbeider både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre fagpersonar.

Gjennomført vidareutdanning i anestesisjukepleie gir grunnlag for å søke om innpass i aktuelle mastergrader, mellom andre Mastergrad i avansert klinisk sykepleie i Ålesund, med inntil 60 studiepoeng. 

Fakta om studieprogrammet

Fakta

Gradsnivå: Videreutdanning
Studiepoeng: 90
Undervisingsform: Heiltid

Institutt for helsevitenskap i Ålesund

Stad: Ålesund
Søknadsfrist: 15. april 2018

Informasjonen gjeld: Informasjonen om programmet gjeld for studieåret 2018/2019