24023      FORMASJONSEVALUERING
           Emner innen formasjonsevaluering
           Topics in formation evaluation
Faglærer:  Professor Rune M. Holt
Uketimer:  Høst: 3F + 1Øu + 2Øs + 2D = 11Bt          Vår: 2F + 1Øu + 1Øs + 2D = 8Bt
Tid:       Høst: F   ti  08-10  P2                   Vår:  F   on  10-12 P2       
                     fr  10-11  P1                          Ø   ma  17-18 P2
                 Ø   fr  11-12  P1
Eksamen:   26.mai               Hjelpemidler: B1            Øvinger: O    Karakter: TE

Mål: Gje ei vidare fordjupning og forståelse av data frå borehol, målemetodar brukte i borehol, kva informasjons-potensiale desse har og bruk av slike data i integrert evaluering av reservoar.

Forutsetning: Byggjer på fag 24020 Boreholslogging.

Innhold: Faget fokuserer på utvalgde emner om metodar for innsamling og tolking av brønndata: Grunnleggande petrofysiske synspunkt og relasjonar. Kvalitetskontroll av data. Radiometriske metodar i opne og fora borehol: Spektrometri - naturleg og indusert, nøytron levetids-målingar (vassmetning bak foringsrøret). Avbilding av boreholsveggen. Dipmeter. Nukleær magnetisk resonans i kjerneanalyse og logging (NMR, NML). Akustisk logging: Full bølgeform analyse, multipol loggar, relasjonar mellom akustiske eigenskapar og bergartsparametrar. Elektromagnetisk dielektrisk logging. Måling under boring, MWD. Logging i og tolking av loggar frå horisontale brønnar. Opptak og analyse av borekjerner - feilkjelder ved slike data. Mudlogging - innsamling av data frå boreprosessen og bruken av slike data. Vassmetnings-modellar i skifrige formasjonar. Datamaskintolking av brønndata. Studentane skal i kurset skrive og presentere ein rapport om eit emne basert på eigne studier av litteratur og/eller data.

Undervisningsform: Forelesning, øvingar og evt. laboratoriearbeid. Presentasjonar av semesterarbeid. Undervisningen går føre seg på engelsk dersom masterstudentar vel faget.

Kursmateriell: Blir opplyst ved kursets start.