Opplev Ålesund

Student i Ålesund

Om Ålesund

Ålesund er ein by med ca. 45 000 innbyggarar, og ligg vakkert plassert mellom fjord og fjell i nærleik til fleire av Noregs mest kjende natur- og kulturattraksjonar. Byen og regionen har eit rikt og variert næringsliv, som pregast av ei utstrekt og globalt retta eksportverksemd, særleg innanfor områda fisk, skipsbygging og møbelproduksjon. Ålesund er kjend for den unike jugendarkitekturen som kjenneteiknar byens sentrum. Meir informasjon om Ålesund og regionen finn du på www.visitalesund.com