Skrivegrupper – få tilbakemeldingar frå andre

Korleis jobbe med oppåva?

Skrivegrupper – få tilbakemeldingar frå andre

skrivegrupper tilbakemelding

Uansett kva slags tekst du skriv, om det er ei semester- eller masteroppgåve eller ei doktoravhandling, er det nyttig å få tilbakemelding frå andre lesarar. Tilbakemeldingane kan gjere deg meir medviten om korleis teksten din kommuniserer med lesarane. Ved å danne ei skrivegruppe saman med andre skrivarar, kan du få god hjelp undervegs i skriveprosessen.

Sterke og svake sider

Ei skrivegruppe er ei gruppe personar som les og kommenterer kvarandre sine tekster over ei lengre tid. Talet deltakarar bør vere mellom tre til fem personar, slik at ein sikrar at det blir gjeve variert tilbakemelding og at ein har nok personar som kan møte opp.

Å få tilbakemelding undervegs bidreg til at potensialet i teksten vert betre utnytta. Tilbakemeldingane kan gje deg innblikk i det du ikkje ser sjølv, både sterke og svake sider. Vi les ofte våre eigne tekster med innforståttheit, der vi tolkar våre eigne intensjonar inn i teksten. På det viset kan tilbakemeldingane du får frå dei andre i skrivegruppa gjere deg til ein meir medviten skrivar.

Fordelar med skrivegrupper

Fordelane med skrivegrupper er at du får:

  • tilbakemeldingar frå personar som ikkje skal vurdere teksten, og er av den grunn meir nøytrale
  • forbetringsforslag til teksten
  • inspirasjon av å sjå andre sine tekstar
  • tidsfristar undervegs i skriveprosessen
  • lære korleis ein gjev og tek imot respons

For å lukkast

For at ei skrivegruppe skal lukkast, er det viktig at alle deltakarane

  • skriv og sender ut tekstutkast fortløpande
  • held frista for levering av tekst
  • held skrivegruppa si møteplan og kjem tidsnok
  • sett av nok tid til responsmøtet
  • forbereder seg til møta ved å lese tekstande til dei andre

På den måten sikrar ein seg at alle får både gjeve og motteke respons på tekstene dei skriv på.

Husk å følgje reglane for respons for å få best mogleg utbytte av skrivegruppa.

Kjelde

Dysthe, Olga, Hertzberg, Frøydis og Hoel, Torlaug Løkensgard (2010). Skrive for å lære: Skriving i høyere utdanning. Oslo: Abstrakt.

Logo SEKOM

Logo SEKOM