Bruk respons til å få ein betre tekst

Korleis jobbe med oppgåva?

Bruk respons til å få ein betre tekst

Bruk respons til å få ein betre tekst

Å få tilbakemelding og respons av andre kan hjelpe deg til å få ein betre tekst – det kan òg vere motiverande. Du kan for eksempel bruke respons i kollokviegruppa, eller du kan gå saman med andre og lage dykkar eiga skrivegruppe.

Respons bidreg til å

  • rette merksemda mot sterke og svake sider ved teksten
  • gje deg fleire idear og tankar
  • gjere deg meir medviten på korleis teksta oppfattast av ein faktisk lesar
  • byggje opp di språklege medvit og tekstkompetanse

Du kan altså verte ein betre skrivar av å gje og få respons.

Ulike typar respons

Når du skal gje respons, skal du både peike på kva som er positivt med teksten og kva som kan forbetrast.

Positiv respons

  • viser korleis ein bør skrive
  • roser og peikar på kva som er vellukka
  • viser kva ein bør halde fast og fortsetje med

Konstruktiv respons

  • påpeiker korleis ein ikkje bør skrive
  • klargjer det som er uklart
  • viser kvar teksten kan forbetrast

Respons skal bidra til at du som skrivar tenkjer gjennom teksten på nytt, og får hjelp til å sjå kva du bør gjere meir av og kva du bør forandre på. Husk å gje god respons til hverandre. 

Husk òg å gje ein respons så er tilpassa det stadiet ein er på i skriveprosessen, slik at ein ikkje endar med å berre kommentere skrivefeil når skrivaren eigentlig vil ha tilbakemelding på tekststrukturen.

Kjelder

Dysthe, Olga og Hertzberg, Frøydis (2014). Skriveopplæring med vekt på prosess og produkt. I Kverndokken, Kåre (red.) 101 skrivegrep (s. 13–35). Bergen: Fagbokforlaget.

Dysthe, Olga, Hertzberg, Frøydis og Hoel, Torlaug Løkensgard (2010). Skrive for å lære: Skriving i høyere utdanning. Oslo: Abstrakt.

Kjeldsen, Jens. E.(2006). Tilbakemelding på tekst. I Dysthe, Olga og Samara, Akylina (red). Forskningsveiledning på master- og doktorgradsnivå (s. 162–182). Oslo: Abstrakt.

Logo SEKOM

Logo SEKOM