Korleis gje god tilbakemelding

Korleis jobbe med oppgåva?

Korleis gje god tilbakemelding

For å ivareta at dei som gjev og får respons kjenner seg trygge og for å sikre at alle kjem til orde, er det lurt å følgje nokon enkle reglar for responsgjeving.

Kva skal skrivaren gjere?

Skrivaren som skal få respons, sender utkastet sitt til responsgjevarane på førehand saman med ei responsbestilling.

Bestillinga skal seie kva teksten handlar om, og seie noko om kor langt du er kome i skriveprosessen: om du berre har skrive notatar, har skrive ein meir fullstendig tekst eller om du er i sluttfasen av skrivinga.

Bestillinga skal òg seie noko om kva slags type respons du ønskjer å få. Om det skal vere kommentarar på 

  • innhald, idear og tema

  • oppbygging, strukturering og samanheng

  • ormuleringar, språk og teiknsetjing

På den måten er det mogleg for dei som gjev respons å tilpasse tilbakemeldingane til skrivaren sine behov. Då slepp du å få vite om alle skrivefeil når du vil ha tilbakemelding på oppbygging og struktur.

Kva skal dei som skal gje respons gjere?

For dei som skal gje respons, er det viktig å forberede seg godt.

God respons gjev du ved å

  • komme med positive og konstruktive kommentarar

  • stille spørsmål til teksten

  • komme med konkrete forslag til forbetringar

Desse tilbakemeldingane skal du så dele med skrivaren, anten ved å gje munnleg eller skriftleg tilbakemelding.

Nyttige kommentarar

Når du skal gje respons, er dei beste kommentarane tekstnære, som vil seie at du viser kva i teksten du kommenterer på. På den måten unngår du å berre gje kommentarar som “bra flyt” og “godt språk”, som ikkje hjelper skrivaren noko særleg vidare.

Prøv heller å stille spørsmål som “kva meiner du med det?” og “kan du utdjupe det?”. Eller vis fram interessante tankar, eksempel på formuleringar og samanhengar som både er gode eller treng å forbetrast.

Som responsgjevar må du hugse at du ikkje skal skrive teksten i staden for skrivaren. Din jobb er å hjelpe skrivaren å forbetre teksten ved å gjere ho meir medviten på kva som fugerer, og kva ho gjer som ikkje fungerer. Når skrivaren får vite dette, er det lettare for den personen å endre sin eigen tekst til det betre.


Kilde

Dysthe, Olga, Hertzberg, Frøydis og Hoel, Torlaug Løkensgard (2010). Skrive for å lære: Skriving i høyere utdanning. Oslo: Abstrakt.

Logo SEKOM

Logo SEKOM