Rus

Rus

Ung jente sittende på benk
 

Spørreskjema

Bruksområde

Oversettelse og normer

EuroADAD – The European Adolescent Assessment Dialogue (Friedman et al. 2001).

Mer informasjon om EuroADAD

 

Ungdommer

Oversatt ved Grethe Lauritsen SIRUS og Heid Nøkleby Tyrili FOU

Sertisifering er påkrevd, kontakt grethe.lauritzen@fhi.no

CRAFFT - Screening av rusproblem hos ungdom (Knight et al, 1999)

 

 

Oversatt

Finn flere verktøy på www.snakkomrus.no


Screeningsinstrument for rusproblem i BUP

Kontakt og eksperimentering med rusmiddel er vanleg i ungdomsåra. Dominerande i våre område har vore alkohol, og særleg i form av flatfyll eller ”binge-drinking”. Debutalderen gjekk ned på 1990-talet, og tale på fylleepisodar pr ungdom auka. Samstundes vart andre rusmiddel meir vanleg, og nokre ungdomar dreiv ”poysubstance-use”. Det er godt dokumentert at komorbiditet mellom psykiske helseproblem og rusbruk er svært stor i ungdomsåra. Ut frå epidemiligisk materiale kan det verke som rusing, angst eller depresjon kan vera ulike uttrykk for same bakgrunnsfaktor. Samstundes veit vi at barn med AD/HD og atferdsproblem har svær auke i risko for problematisk ruskontakt.

Generelt er det lite screeninginstrument for ruslidinga. Eit hovudproblem i BUP har vore at ingen har spurt, og om nokon har spurd, har dei sjelden spurd fleire gong under behandlinga.

Enkle spørsmål om bruk av rusmiddel ville i mange tilfelle kunne gje viktige anamnestiske opplysingar. Dette ville også vera viktig i vurdering av behandling, og oppfølging vidare.

I poliklinikken på BUP-Levanger er det lenge brukt 5 enkle spørsmål for å ringe inn ungdom i faresona.

  1. Kor gamal var du første gong du drakk alkohol? (før 14 år reknest som positivt svar)
  2. Røyker du?
  3. Har du vore full, evt kor ofte? (meir enn 2g/mnd reknest som positivt svar)
  4. Har du vore bydd anna rusmiddel enn alkohol?
  5. Kjenner du ungdom som bruker anna rusmiddel enn alkohol?

Meir enn 2 ”positive” svar indikerer ungdom i faresona, og gjer at vi går vidare med andre spørsmål eller tek opp att tema seinare.

 

Instrument for screening av rusproblem hos ungdom

Av enkle evaluerte screeninginstrument for ungdom er nok CRAFFT (Knight et al, 1999) det beste. Det består av 6 ja/nei spørsmål:

 

  1. Har du nokon gong vore med i bil kjøyrd av nokon (inkludert deg sjølv) som var høg, eller hadde brukt alkohol eller andre rusmiddel?
  2. Bruker du nokon gong alkohol eller rusmiddel for å slappe av, tru betre om seg sjølv eller passe inn?
  3. Bruker du nokon gong alkohol eller rusmiddel aleine?
  4. Glemmer du nokon gong ting du har gjort når du var påverka av alkohol eller rusmiddel?
  5. Seier familie eller vener at du bør kutte ned på alkohol eller rusmiddelbruk?
  6. Har du kome i vanskar når du har brukt alkohol eller rusmiddel?

Fleire enn 2 positive svar indikerer vidare undersøkingar.

 

Vala da vil vera mellom ei almeinpsykiatrisk diagnoseintervju som Kiddie-SADS eller eit meir russpesifikt strukturet interju som EuroADAD. Begge deler er godt prøvd ut ved BUP Levanger.

KiddieSADS gjev ei gjennomgang av all psykopatologi, men også grundig kartlegging av ruskontakt. Spørsmåla er rett på og svært detaljerte. Bruk av KiddieSADS føreset ein viss diagnostisk kompetanse, røynsle med psykiatri og stor grad av eigenvurdering. Dersom pasienten vil skjule noko er det fullt mogleg, men her har du også støtte av foreldreintervjuet som kan gje anna informasjon.

EuroADAD er eit strengt strukturetr intervju med eintydig scoring. Dette krev opplæring men føreset ikkje diagnostisk kompetanse. Det gjev også god overyn over livssituasjon og psykiske vanskar. Spørmåla er avgrensa og lukka, og mange ungdomar finn dei trygge å svara på. Eit større nasjonalt normeringsarbeid er planlagt med sterk deltaking frå BUP-Levanger.

Ved BUP-Levanger har dette utvikla slik at poliklinikken nytter KiddieSADS og miljøpersonalet i sengeavdelinga EuroADAD. På sengeavdelinga vert det ofte gjort diagnostisk intervju i tillegg av stabsansvarleg.

Referansar:

Crome, Bloor and Thom (2006). Screening for illicit drug use in psychiatric hospitals: whose job is it? MANGLER TIDSSKRIFT

Knight, Sherritt, Shrier, Harris and Chang (2002). Validity of the CRAFFT substance abuse screening test among adolescent clinic patiens. MANGLER TIDSSKRIFT

29 feb 2016

Kontakt oss

Kontakt oss

E-post: kontakt@rkbu.ntnu.no
Telefon: +47 73 55 15 00
Studieveileder: studieveileder@rkbu.ntnu.no

Postadresse:

RKBU Midt-Norge, NTNU
Postboks 8905 MTFS
7491 Trondheim

Besøksadresse Trondheim:

Klostergata 46, 7030 Trondheim
3. etg. (klikk for kart)

Besøksadresse Levanger:

Forskningsveien 2
7600 Levanger (klikk for kart)

Flere tester

Finn flere tester på
www.psyktestbarn.no

Logo for Psyk Test Barn