Aktuelle studentaktivitetar for psykologistudentar

Institutt for psykologi

Aktuelle studentaktivitetar for psykologistudentar

Studenter i gata på Dragvoll
Foto: Cecilie Baar

Institutt-tillitsvalde studenter (ITV), for høvesvis årsstudium/bachelor, master og profesjonsstudiet, valt av psykologistudentane, vil til kvar tid representera studentane i møte med leiinga ved Institutt for psykologi og i Studentrådet SU.

Psykologisk Fagutvalg NTNU består av minst 6 representantar frå dei fire studieprogramma ved Institutt for psykologi, det vil seia årsstudium, bachelor-, profesjons- og masterprogrammet. Fagutvalet si oppgåve er å stimulera den faglege identiteten til psykologistudentane og også engasjement gjennom kontakt med linjeforeiningane og andre interesseorganisasjonar. Dei legg og til rette for faglege arrangement.
Følg Psykologisk fagutval NTNU på Facebook.

pStimulus (tidlegare LiMP) er linjeforeininga for masterstudentane i psykologi ved NTNU. Foreningens mål er å leggja til rette for eit godt fagleg og sosialt miljø for deg som student. pStimulus arrangerer både faglege og sosiale events for masterstudentane i psykologi, i tillegg til å vera ein informasjonskanal der du kan få tips om relevante konferansar, seminar, bedriftspresentasjonar og andre spennande saker som dukkar opp. 
Følg pStimulus på Facebook.

Psi-linjeforening er linjeforeininga for psykologi årsstudium og psykologi bachelor ved NTNU. PSI er til for å sørgja for at studietida di her på NTNU består av like mykje morsomheter som ho gjer lesing.
Følg Psi-linjeforening på Facebook. 

Psykolosjen er linjeforeininga for profesjonsstudentane i psykologi ved NTNU. Formålet til linjeforeininga er å skapa identitet og kontakt internt og på tvers av kulla. Dette gjerast med både tradisjonsrike og nyare arrangement, der det faglege eller reint sosiale står i fokus. 
Nettside Psykolosjen. 

Psykologisk Tidsskrift NTNU er eit fagtidsskrift og ei nettside drive av ein redaksjon beståande av frivillige og engasjerte psykologistudentar. Tidsskriftet gir ut tre temabaserte papirutgåver i året – eit nummer på haustsemesteret og to på vårsemesteret. Tidsskriftet inneheld artiklar, fagessay, debattinnlegg, og bokmeldingar, og rettar seg hovudsakleg mot psykologistudentar på alle nivå, dei som nyttar psykologi i yrkessamanheng og elles alle med interesse for psykologi.
Psykologisk Tidsskrift NTNU.

Instituttets studenttillitsvalde

Instituttets studenttillitsvalde

Studenttillitsvalde høst 2025:
 

Årsstudium/Bachelor i psykologi:
Maria Melby Refsnes

Master i psykologi:
Magne Lende-Aarbogh

Psykologutdanningen:
Josef Kayri

De studenttillitsvalde deltek i leiargruppemøta annakvar veke, og kan då ta opp saker studentane er opptekne av.