Digital dialektologi – språkdidaktisk bruk av talespråkskorpus

Authors

  • Åshild Søfteland

Abstract

Talemålsvariasjon står sentralt som tema på grunnutdanninga i nordisk på universitet og høgskular, og i norskfaget i skulen. Det finst fleire gode læreverk på marknaden, men lite digitale læringsressursar, iallfall offentleg tilgjengeleg. Dei siste åra har talespråksforskarar i Norden hatt eit nyttig og interessant verktøy tilgjengeleg på nett: Nordisk dialektkorpus – nye dialektdata som er analysert og systematisert for søk i eit opent grensesnitt. Artikkelen viser korleis dette verktøyet kan brukast i undervisninga av studentar, korleis det eventuelt kan vidareutviklast til ein læringsressurs for skulen, og med det ei mogleg didaktisk vinkling av dialektologien i lærarutdanninga.

Downloads

Download data is not yet available.

Downloads

Published

2018-09-09