Universitetslektorane Gro Audveig Hagen Bjørnøy og Cecilie Tynes Riksem, tek i bruk podkast i kjemiundervisninga, for å vekke studentane sitt faglege engasjement.

Bjørnøy som underviser i «generell kjemi» har no blitt ein duo saman med Riksem, som på si side underviser i «innføring i kjemi». Dei har rigga seg opp i podkast-studioet på NTNU i Ålesund med eit stort rosa glas med ein flytande veske. Kanskje ikkje heilt tilfeldig, då podkasten heiter «Rosa begerglas».

Boblande begerglas

– Vi sat oss ned og «brainstorma» litt og fann ut at vi begge hadde ein kjærleik til rosa. Når vi også tenkte på kjemi, så dukka det liksom opp eit boblande begerglas med noko spennande i – litt slik som pensumet vårt i haust, forklarar Riksem, som også jobbar som overingeniør.

Universitet- og høgskulesektoren har hatt ein digital revolusjon gjennom koronapandemien med å digitalisere alle ledd av undervisninga. Dette er i mange høve upløgd mark for både forelesarar og studentar. I følgje Bjørnøy er det ein jungel av digitale verktøy tilgjengeleg og ingen standardiserte programval for forelesarane.

– Det har gjort at det blir opp til kvar einskild forelesar å finne dei gode verktøya for å ta hand om undervisinga på ein pedagogisk og bærekraftig måte. Dette var utgangspunktet for at vi ønska å teste ut podkast som eit verktøy for å nå studentane i den livssituasjonen dei er i no, seier Bjørnøy

Ufarleggjere faget

Kollega Riksem er heilt einig og legg til at i ei tid med mykje avstand var det viktig å samle studentane.

– Kjemi er veldig spennande, så vi greip moglegheita til å samle studentane om kjemifaget gjennom podkasten vår. Målsetnaden vår var å ufarleggjere kjemi som fag og sette den inn i samanheng med livet kring oss for å gje dei fleire knaggar å hengje stoffet på.

Det er ikkje tvil om at tilbodet har vore godt tatt i mot av studentane. «Ein genial måte å nå oss på», veldig koseleg å høyre på», «bruker podkasten som ein repetisjon», «førebuing til nytt forelesingstema» og «fagleg underhaldning på veg til universitetet» er nokre av dei gode tilbakemeldingane frå studentane. Det er ikkje tvil om at podkast kan vere eit godt verktøy for formidling av det som elles kan vere eit nokså tungt fagstoff.

Jentene har sjølv lært mykje frå den nye måten å jobbe på og frå kvarandre, i tillegg til å få eit godt samarbeid på tvers av fag.

Fleire knaggar

– Dette bidreg veldig positivt inn i den undervisninga vi gjev studentane. Vi har fått fleire knaggar å hengje fagstoffet på og ikkje minst har vi det veldig morosamt saman, avsluttar jentene.

Podkasten deira lastas opp på videoplattforma Panopto og er tilgjengeleg for studentane via Blackboard. Dei har sjølv utvikla podkasten ved Institutt for biologiske fag ved NTNU i Ålesund, med brukarstøtte frå Lærings- og Multimediasenteret ved NTNU i Ålesund og forankring frå instituttet. Vignetten til podkasten er produsert av sjølvaste Kahoot-gründer Alf Inge Wang.

Hav, handel og helse

Annik Magerholm Fet i podkaststudio

Viserektor ved NTNU i Ålesund har sin eigen podkast. Her intevjuer ho Frederikke Hansen som er student og medlem i Start Ålesund

Viserektor Annik Magerholm Fet applauderer initiativet til jentene, og har sjølv sin eigen podkastkanal som sender nye episodar kvar veke.

– Hav, handel, helse er fokusområda i utviklingsplanen for NTNU i Ålesund, og har også gjeve namn til podkasten min. På NTNU i Ålesund er vi tett på næringslivet, og gjennom podkasten utdjupar vi mellom anna korleis hav, handel og helse, i tillegg til innovasjon og nyskaping er fokusområder i forskninga vår, seier viserektoren.

Vil du følgje podkasten Rosa begerglas eller Hav, handel, helse? Då kan du høyre sendingane her:

Rosa Begerglass

Hav, handel og helse