EU-prosjektet Blue Circular Economy sin visjon er å forbetre vilkåra til industrien rundt resirkulering av marint avfall. Partnerane arbeider med konkrete løysingar som vil hjelpe små og mellomstore bedrifter å drive berekraftig forretning rundt gjenbruk og resirkulering av plast i havet. No er dei i finalen om ein pris frå EU.

Personer samlet ved universitet

Prosjektgruppa samla i Skottland i 2019.

Ein av fem finalistar

Blue Circular Economy er eit internasjonalt forskingsprosjekt med partnerar frå Noreg, Skottland, Irland, Grønland/Danmark og England.

Leiar av prosjektet er førsteamanuensis Siv Marina Flø Grimstad frå NTNU i Ålesund, og ho fortel at prosjektet er i finalen i kategorien: Circular Economy for  Green Europe i Regiostar.

– Regiostar er ein pris til EU-prosjekt med særskild god kvalitet og som viser nye tilnærmingar  til forsking og utvikling, seier Flø Grimstad. Vårt prosjekt er valt ut som ein av 25 finalister blant 206 deltakarar. I sin kategori er dei ein av fem finalistar.

Påmeldinga i år var rekordhøg, så bragda med å hamne i finalen er imponerande.

Granulat frå fiskegarn

Stem på din favoritt

Ein uavhengig jury på høgt akademisk nivå har valt ut dei fem finalistane, visar nettsida til Regiostar. Den same juryen vil kåre vinnarane 14. oktober.

– I tillegg til å vere finalist i kategorien Circular Economy category, deltek vi i Public Choice award. Her kan publikum gje si stemme til sin favoritt, fortel Flø Grimstad.  For eksempel Blue Circular Economy.

Her kan du gje di støtte til Blue Circular Economy.