Marin forsøpling er eit aukande problem i verda, og tilførselen av mellom anna plast som endar opp på våre strender verkar utømmeleg. No skal ny teknologi gjere opprydding mykje meir effektivt.

Under Campusuka 2020 i Ålesund, gjekk startskotet for eit spennande samarbeid mellom NTNU i Ålesund, Ålesund Havnevesen, Runde Miljøsenter, Havforskningsinstituttet, Ålesund kommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Kunstig intelligens og maskinlæring

Kor kjem plasten i havet frå, kor samlar den seg og kor flyt det vidare? Målet med prosjektet som er forkorta PlastOPol (Prediction Model for Ocean Plastic Policy), er i følge rådgjevar og prosjektkoordinator Christina Hellevik todelt, og tek i bruk kunstig intelligens og maskinlæring i modelleringa.

– Modellane skal automatisere gjenkjenning av plast frå bilete og film, noko som vil gjere både forsking og strandrydding mykje meir effektivt. Den andre delen skal simulere plast straumar i Møre og Romsdal basert på data vi har frå strandryddeaksjonar, havstraum modellar med meir.

Ifølge Hellevik er eit anna mål også å knytte dette til myndigheitene si handtering av plast i havet, finne betre løysingar, prioritere rydding og fasilitetar for innsamling der det er størst behov.

Sjølve prosjektet PlastOPol er eit pilotprosjekt finansiert av regionalt forskingsfond kor Ålesundregionen hamnevesen er eigar og NTNU er prosjektleiar. Institutt for IKT og realfag (IIR) er ansvarleg for sjølve modelleringsbiten i prosjektet, og har gjennom sommaren hatt to studentar som har jobba med databasane.

– Ambisiøst

Louise Holmelund Tackmann frå Runde Miljøsenter

Prosjektleiar for marin forsøpling ved Runde Miljøsenter, er spent på resultatet frå prosjektet, og gler seg til å vere ein del av referansegruppa. (Foto: Børge Sandnes/NTNU).

Louise Holmelund Tackmann er prosjektleiar for marin forsøpling ved Runde Miljøsenter og skal sitte i referansegruppa. Her skal ho og miljøsenteret kome med innspel til arbeidet. Tackmann ser sjølv dagleg kor mykje søppel som flyt inn til land, og synest prosjektet er veldig ambisiøst og spennende.

– Dette er eit veldig ambisiøst prosjekt som det blir spennende å vere med på. Om dette ender ut i eit hovudprosjekt, er tanken også at vi skal ha ei rolle i samband med validering av modellen for hotspots og test av ein «app» som skal kjenne igjen plast frå foto.

Runde Miljøsenter organiserer dei frivillige i Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre, og seier at dei frivillige kjem til å bli ei viktig brikke i arbeidet.

Heile åtte millionar tonn plast havnar i havet kvart år. Plast truar ikkje berre dyrelivet, men også oss menneske. Den 18. oktober går TV-aksjonen NRK 2020 til WWF sitt arbeid for å kjempe mot plast i havet og NTNU vil sjølvklart bidra for saman å redusere utslepp og ta vare på verdshava.