Katrin Mork Hove er ny tilsett stipendiat på NTNU som ein del av avtalen med Ålesund universitetskommune. Eit viktig mål med forskinga er å utvikle ny kunnskap om tverrprofesjonell samhandling for pasientar med kreft.

– Eg er no i gang med doktorgradsløpet ved Institutt for helsevitskap i Ålesund. Stillinga er eit samarbeid mellom Ålesund kommune og NTNU, som har partnarskap innan smart helse og velferd.

Mork seier at opprettinga av stipendiatstillinga er eit ledd i å utvikle Ålesund som universitetskommune. Det er behov for meir kunnskap om å utvikle heilskaplege og integrerte helsetenester.

Forskinga til den ferske stipendiaten har som mål å utvikle ny kunnskap om tverrprofesjonell samhandling for pasientar med kreft, slik det blir opplevd for pasientar og helsepersonell i kommunen.

– Dette er eit område som engasjerer meg, og eg ser fram til å sette kunnskapen i system.

Erfaren innan helse og omsorg

Sjølv om Katrin Mork Hove er fersk som stipendiat, har ho lang og allsidig erfaring som sjukepleier. Karrieren innan helse og omsorg starta i 1999, som heimehjelp i kommunen.

– Eg skjønte at dette var det eg ville drive med, og tok utdanning som sjukepleier. Nokre år seinare bygde eg på kompetansen med vidareutdanning innan kreftsjukepleie, og deretter master.

Ho fortel at nesten heile yrkeskarrieren har vore i Helse Møre og Romsdal, dei siste åra som rådgivar i medisinsk koding på avdeling for analyse- og klinikkstøtte på Ålesund sjukehus. Før dette var Mork Hove blant anna med på oppstarten av kreftsengeposten på same stad.

Meir ansvar til kommunane

Mork Hove fortel at det har blitt vanlegare med kortare sjukehusopphald og meir poliklinisk behandling innan kreftomsorg. Kreftpasientar beveger seg derfor ofte mykje mellom sjukehus og kommune.

– Kommunane har fått større ansvar for oppfølging av fleire kreftpasientar, ofte med komplekse behov. Det veks fram eit behov for samhandling mellom ulike yrkesgrupper innan helse- og omsorg.

Stipendiaten opplyser også at kreftbehandling stadig blir meir spesialisert. Som ei følge av dette kjem behovet for fleire helseprofesjonar, slik at ein kan yte gode helsetenester. Ho er klar på at godt koordinerte og samanhengande tenester er viktig for å kunne gje heilskapleg og god pasientsentrert omsorg.

Klar for innsats på forsking

– Eg har ein del erfaring med å jobbe tverrfagleg, og det er kjempeviktig. Alle veit ikkje alt, men ved å jobbe og lære saman er eg overtydd om at resultatet blir betre.

Det er derfor viktig med kunnskap om korleis samhandling mellom ulike yrkesgrupper opplevast for pasientar og helsepersonell i kommunen. Dette blir det Katrin Mork Hove no skal forske på, og ho ser fram til å fordjupe seg i temaet.