Innan 2026 skal verdsarvområdet i Geirangerfjorden vere utsleppsfritt. Det vart vedtatt på Stortinget i 2017, og for Stranda kommune er dette ei svært krevjande utfordring. Mykje må på plass før det er mogleg å gjennomføre, og mange spørsmål er framleis utan svar. Ni studentar frå NTNU i Ålesund har brukt sommaren sin på å prøve å finne gode løysningar, og fredag presenterte dei resultata sine for eit entusiastisk publikum på Framtidslaben.

NTNU, Stranda kommune, Stranda hamnevesen og Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar saman i prosjektet som blir kalla Grøn kai, og som har fått midlar frå Forskningsrådet. Prosjektet har også fleire industripartnerar og potensielle investorar med på laget. Målet er å kome eit stort steg nærmare ei løysning i løpet av prosjektperioden, som er tre år.

Eit krevjande oppdrag

– For oss er dette alvor. Allereie i 2026 skal alt vere klart, og det er viktig å vere så konkrete så mogleg allereie no, innleia Rita Berstad Maraak, som er prosjektleiar for Grøn kai og hamnesjef i Stranda Hamnevesen.

– For å komme i mål med nullutslepp i verdsarvfjorden er det to føresetnadar. Det må bli opna for ein korridor for cruisebåtar inn Sunnylvsfjorden til Hellesylt, og ein må klare å skaffe nok straum til å drive heilelektrisk – spesielt i Hellesylt, fortel ho.

Større enn Noreg

Ein av studentane står framme ved skjermen og presentera rapporten dei har laga.

Torjus Levisen Johansen presentera resultata på vegne av studentane ved Institutt for havromsoperasjoner og byggteknikk. Foto: Sunniva Ullavik Erstad / NTNU

– Det er ikkje å legge skjul på at det har vore ein utfordrande sommarjobb, og prosjektet er mykje større enn at det kan løysast i løpet av ein sommar. Men arbeidet vi har gjort legg eit godt grunnlag for vidare forsking og arbeid, seier Torjus Levisen Johansen, ein av studentane frå Institutt for havromsoperasjoner og byggteknikk.

– Det har vore ei ære å få jobbe med NTNU på dette prosjektet. Prosjektet Grøn kai er større enn Noreg. Løysningane vi finn fram til vil truleg endre måten cruiseturistar opplev verda på i framtida. Det har vore svært givande og inspirerande å bidra til å gjer ein forskjell på denne måten. Eg har lært mykje om meg sjølv, berekraft, nullutsleppsteknologi og akademisk arbeid, fortset han.

Grundige berekningar og innovative løysningar

Studentane har brukt fagkunnskapen sin i praksis når dei har jobba med dei store utfordringane knytt til å gjer verdsarvområdet utsleppsfritt. Dei sju studentane frå Institutt for havromsoperasjoner og byggteknikk la fram ei rekke nytenkande idear for korleis dette kan løysast i praksis.

Føresetnadane om korridor til Hellesylt og nok straum låg til grunn for arbeidet, og planen er at cruisebåtane skal gå til Hellesylt og Stranda. Derifrå skal gjestane bli frakta vidare med heilelektriske skyssbåtar.

Illustrasjon av korleis kaianlegget for dei elektriske hurtigbåtane i Geiranger kan sjå ut.

Studentane sin illustrasjon av korleis kaianlegget i Geiranger kan sjå ut.

Studentane har blant anna sett på nautiske forhold, batterikapasitet, navigasjon inn og ut frå kaiene, kaianlegg, flyt av gjestar og ladesystem. Ei rekke innovative og lekre løysningar var presentert. Dei viste blant anna fram heilelektriske skyssbåtar med store vindaugsflate og store ramper for effektiv av- og påstiging. Desse båtane kan gå i skytteltrafikk frå Hellesylt og Stranda. Studentane la også fram skisser av flotte kaianlegg i Geiranger, Hellesylt og Stranda. Kaianlegga var nøye planlagt, og studentane hadde tatt høgde for ulike eksterne faktorar på dei ulike kaianlegga.

– Det har vore ei spennande og ny erfaring å bruke studentar i sommarjobb til å arbeide med utfordringar i samfunnet vårt. På denne måten knyt vi universitetet nærmare nærings- og arbeidslivet, og vi får arbeide med reelle samfunnsutfordringar. Då er det spesielt kjekt når nesten 20 aktørar ventar spent på resultata, og gir gode innspel, seier Hans Petter Hildre, instituttleder ved Institutt for havromsoperasjoner og byggteknikk.

Store investeringsbehov

To studentar ved Institutt for internasjonal forretningsdrift, Aksel Devold og Tim Levihn, har sett på dei økonomiske aspekta ved prosjektet. Dei har gjort detaljerte berekningar, men peika på at grunnlaget framleis er for tynt. Ein må kome lenger i prosjektet før ein vil kunne seie noko endeleg om dei økonomiske konsekvensane. Uansett er det ganske tydeleg at den samfunnsøkonomiske gevinsten blir sentral, og må bli ein viktig del av arbeidet vidare.

– NTNU har hatt fleire samarbeidsprosjekt med hamnevesenet i Stranda over mange år. Studentane sitt bidrag i Grøn kai-prosjektet er med på å løfte fram nye moglegheiter for grøn omstilling i cruisesektoren, noko som vil få betyding langt utover våre landegrenser. Dette gir ny og framtidsretta  læring for studentane, og er eit godt eksempel på korleis reelle problemstillingar kan bli løyst gjennom samarbeid mellom universitet, næringsliv og offentlege instansar, seier Annik Magerholm Fet, viserektor ved NTNU i Ålesund.

Ordføraren er nøgd med studentane sitt bidrag

Portrett av ordføreren i Stranda kommune.

Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda kommune, er imponert over arbeidet studentane har lagt ned. Foto: Sunniva Ullavik Erstad / NTNU

– Dette er ei langt større oppgåve enn eg trur nokon av oss er i stand til å forstå. Verdsarven har ein enorm verdi ute i verda, og det er viktig at vi løftar fram og tek vare på både verdsarven og lokalsamfunnet. Vi har fått i oppdrag å legge til rette for framtidas turistnæring i det grøne skiftet. Det statlege apparatet må inn, elles går ikkje dette! Men eg har stor tru på at vi får ein større forståing for utfordringa vi står overfor i tida framover, seier Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda kommune.

– Studentane bidreg enormt til denne krevjande utfordringa. For oss er dette alvor, og studentane sitt bidrag er viktig. Dei kjem med nye tankar og idear. Noko av det er svært spenstige idear, og ikkje alt er mogleg å gjennomføre i praksis, men alt er mogleg å diskutere. Eg er rett og slett kjempeimponert, seier Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda kommune.

Institutta på NTNU har gode planar for å jobbe vidare med prosjektet gjennom forsking og studentinvolvering, og tek med seg mange gode innspel inn i det vidare arbeidet.

Har du spørsmål om NTNU sitt bidrag i prosjektet?

Ta kontakt med: