Master i helseledelse, inne i sitt første studieår, opplevde stor interesse allereie som flunkande nytt studium. No er søkartala for neste haust klare, og dei syner at utdanninga er eit av NTNU sine aller mest populære masterstudium.
– Dette er vi stolte av! Heile 210 personar ønsker å bli helseleiar i 2021, noko som er svært gledeleg, seier førsteamanuensis og studieprogramansvarleg frå Institutt for helsevitenskap i Ålesund, Ralf Kirchhoff.
Viktig med helserelatert utdanning i botn
Jenny Hågå er ein av studentane, og ho fortel at ho søkte på studiet fordi det høyrdest særleg spennande ut for ho.
– Eg er sjukepleiar, og har gjennom jobben sett behovet for at menneske med helserelatert utdanning har leiarstillingar i helsevesenet.
Hågå er sikker på at masterutdanninga blir ein døropnar dersom ho ønskjer å gå inn i meir administrative jobbar i framtida.
– Det er høgt nivå på utdanninga, og det er veldig positivt å få lære mykje. Det er kjekt å vere ein del av det første kullet, men utdanninga blir sikkert enno betre når oppstartsutfordringane har fått jamna seg ut.
Auka krav til leiarar
Kirchhoff fortel at det er auka krav til leiarkompetanse i helse- og sosialtenestene, og dette blir fleire og fleire klare over.
– Masterprogrammet har vore etterspurt, og utdanninga skal kvalifisere kandidatar til å ta leiingsutfordringar på ein offensiv og løysingsorientert måte.
Utdanninga er eit samarbeid mellom NTNU i Ålesund, Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda. Alle fagmiljøa er samde om at ein treng leiarar med denne type spesialkompetanse i helsesektoren, og søkartala underbygger dette.
Ei god verktøykasse frå studiet
Studenten Frode Longva Hanssen har allereie leiarjobb. Som seksjonsleiar ved akuttmottaket på Ålesund sjukehus ønske han større forståing for ulike aspekt innan leiing.
– Det har vore spennande og overraskande innfallsvinkler i masterstudiet, og forelesarane har til dømes belyst ulike typer makt i leiing, trendar og innovasjon. Dette synest eg har vore spesielt lærerikt.
Det har vore krevjande og studere ved sida av full jobb i helsevesenet i pandemien, men Longva Hanssen seier han har fått ei god verktøykasse frå studiet som han kan ta i bruk i stillinga si.
– Eg får god nytte av studiet. Dess meir eg lærer, dess større respekt får eg for rolla eg har tatt på meg. Ambisjonen min er å bli ein så god leiar som eg har potensiale for.
Tett på arbeidslivet
Oppdatert kunnskap om kompetansebehova til leiarar i regionen skal gjere masterprogrammet relevant for komande studentar og leiare. Ifølge universitetslektor og ph.d.-stipendiat Jannike Dyb Oksavik er dette noko dei for tida kartlegg.
– Denne månaden skal NTNU, i samarbeid med høgskulane i Molde og Volda, gjennomføre ei spørjeundersøking blant leiarar i helse- og sosialtenestene i Møre og Romsdal.
Eit mål her er å finne ut korleis leiarane opplever ulike forhold knytt til leiarkompetanse. I følge Oksavik vil resultatet frå undersøkinga gje eit godt utgangspunkt for tema til eit inspirasjonsseminar for leiarar og masterstudentar 17. november.
– Vi som står bak surveyen går breitt ut og vonar å nå leiarar både i offentleg og privat sektor, frå helseføretak og kommunar. Vi håper at resultata vil vere viktige for verksemdene, og gjer difor resultata tilgjengelege på våre nettside.
Masteren gir nødvendige verktøy
– For meg er det er viktig med ein engasjerende og faglig utviklande arbeidskvardag. Det er viktig at pasientar og pårørende kjenner seg ivaretatt av eit kompetent helsevesen.
Dette seier Andreas Hagerup Mostervik, student, sjukepleiar og tillitsvald ved Molde sjukehus. Den engasjerte masterstudenten fortel at han trivst i jobben, men er motivert for å få auka kompetanse, og større forståing for strukturelle og organisatoriske problemstillingar i helse-Norge.
– Inntrykket mitt så langt er at masteren gir dei nødvendige verktøya. God leiing av tenestene er essensielt, og behovet for leiarar med helsefagleg kompetanse er aukande.
Han legg også til at den faglege tyngda frå studiet gjer relevans til leiarjobbar på alle nivå, og også innan forsking og helseutval.