-Det har vore tøffe studieår med strenge restriksjonar på grunn av koronasmitte, og vi har strekt oss langt for å levere på eit høgt nivå.  Det seier Alexander Vattøy som er ein av 26 uteksaminerte siviløkonomar frå NTNU i Ålesund i vår.

Alexander og dei 25 andre studentane har all grunn til å vere stolt av seg sjølve. Alle studentane som fullført master i International Business and Marketing og fekk tittelen siviløkonom har fått seg jobb.  Fleire av dei allereie før utdanninga var fullført.

-Det har vore to svært lærerike og krevjande år. Det har vore ei berg- og dalbane med restriksjonar og lette i koronareglar i to år.  Kullet som no er ferdig har verkeleg gjort ein stor innsats. Vi har strekt oss litt lengre og stått saman i lag med NTNU  for å få det beste ut av situasjonen, seier Alexander.

NTNU starta med masterprogram for International Business and Marketing i 2012. Dei fleste av studentane har ein bachelor i økonomi  eller administrasjon frå Ålesund, Trondheim, Bergen, Oslo eller ein annan utdanningsstad i Noreg eller utlandet.  Studiet i Ålesund er ein to-åring master som gir tittelen siviløkonom.

-Sjølv om studietida har vore krevjande, så har utdanninga vore spanande. Mi erfaring er at masterstudiet i Ålesund er svært oppdatert, og har tatt opp i seg både det grøne skiftet og berekraft. Det er svært viktig for dei som no skal ut i næringslivet å arbeide med desse problemstillingane, seier Alexander.

«Det har vore to svært lærerike og krevjande år.»
– Alexander Vattøy

Alle i jobb

Hans Solli-Sæther er instituttleiar ved Institutt for internasjonal forretningsdrift.

-Vi er stolte av studentane våre, og det er verkeleg gledeleg at alle 26 har fått seg jobb etter avslutta master, fortel Solli-Sæther.

Studentane i Ålesund har konkurrert om dei ledige jobbane med økonomar som er utdanna andre stader i landet og i utlandet. Dei fleste har fått jobb i bank, finans, konsulentselskap, revisjonsselskap og maritim sektor.

-Vi oppfattar at våre studentar er svært ettertrakta på arbeidsmarknaden. Det er flott at alle får jobb rett etter utdanning, men arbeidsmarknaden er god akkurat no for studentar med denne type utdanning. Det er liten tvil om at tittelen siviløkonom framleis er attraktiv i arbeidsmarknaden, og at den borgar for kvalitet, seier instituttleiaren.

Masterstudiet i Ålesund har siden 2018 gitt tittelen siviløkonom. Ei utdanning som har høg kvalitet og som gir jobbar med gode lønsvilkår. Studiet skjer på engelsk, og er lagt til rette for internasjonale studentar.

-Vi har to spesialiseringar på masteren. Internasjonal business, og innovasjon og entreprenørskap. Begge er skreddarsydd for næringslivet vårt. Utdanninga har eit styrka fokus på berekraft og berekraftsanalyse. I tillegg vert det etablert to nye fag innan berekraft. Det eine går på berekraftige forretningsmodellar, og det andre på berekraftig finans. Eit viktig fokus er å vise korleis  selskap tek vare på miljø og sosiale forhold i tillegg til økonomi, fortel professoren.

«Det er verkeleg gledeleg at alle 26 har fått seg jobb etter avslutta master.»
– Hans Solli-Sæther.

-Akkurat der eg vil vere

Alexander Vattøy kjem frå industrikommunen Ulstein, men bur no i Ålesund. Her har han fått seg jobb i konsulentselskapet Ernst & Young.

-Eg fekk tilbod om jobb allereie i september i fjor, før masteren var fullført. Det viser seg at er ein litt frampå, så kan sjansane til jobb by seg fram raskt. Dette er ein heilt perfekt jobb for meg. Det er ei bratt læringskurve, men eg får arbeide med fleire ulike verksemder i fleire næringar. Slik skaffar ein seg òg eit stort nettverk og ein kunnskapsbase som ein får stor nytte av seinare, seier Alexander.

Alexander seier at dei to siste åra har vore heilt spesielle for han.

-Eg er utroleg stolt over den jobben alle studentane har gjort.  Men eg må og rose førelesarane våre og administrasjonen ved NTNU for at dei har lagt til rette for oss. Det er spesielt kjekt med ein slik studiestad der kulla er små, og ein føler seg velkommen. Vi har fått mykje oppfølging og direkte hjelp frå forelesarane våre, og dette er ein kjempefordel som vi har hatt, avsluttar den ferske masterstudenten med.

Personer rundt bord gir applaus

Alexander Vattøy holdt en høytidelig takketale til medstudenter siste dag på NTNU. Fotograf: Børge Sandnes

Tekst: Øyvind Heggstad