Augment City frå Offshore Simulator Centre AS (OSC) har laga ein digital tvilling av dei største byane i Noreg. No har prosjektet blitt heidra med ein diplom for beste geodataløysing.

Ålesund kommune er med i FN sitt Smart City-nettverk. NTNU er ein av partnarane i Smart City Lab på NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter), som er etablert mellom anna for utvikling av digital tvilling for fleire høve. OSC er ein «spinnoff» frå NTNU for 16 år sidan, og er i dag den største eigaren i selskapet.

Heidra av statsråden

Bilde av statsråd Nikolai Astrup og Bjørn Aase Dimmen via videokonferanse

Grunna Covid-19 situasjonen, måtte Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup dele ut diplom digitalt til OSC og Bjørn Aase Dimme (på skjerm). (Foto: Jenny Clemet von Tetzschner)

– Det vi har sett gjennom 16 år med simulering, er kor viktig samspelet mellom brukaren og data er. Vi menneske er jo fantastiske til å handsame store datamengder, så lenge ein får det visuelt – men ikkje så god når du får det som tekst og tal, fortel ein stolt prosjektleiar, Bjørn Aase Dimmen.

Produktet som no er heidra av statsråd Nikolai Astrup for kommunal- og moderniseringsdepartementet, er primært eit beslutningsstøtteverktøy for kommuneleiinga. Verktøyet vil gjere jobben lettare for ordførar, kommunalsjef og utval å komme gjennom saksmengda, felles forståing for problem og dei alternative løysingane.

På tvers av fagsystem

– Vi kan til dømes ta alle straummålarane i Ålesund og syne straumforbruke i eit døgn. I løpet av eit sekund kan vi sjå at Liaane Industrier bruker mykje straum når dei startar opp om morgonen. Skulle du skreve ut dette, så hadde det blitt ein meter med papir, og du hadde stått og lest ei heil veke og ikkje hugsa noko, eksemplifiserer Dimmen med.

Verktøyet gjer det mogeleg å kople informasjon på tvers av fagsystema frå dei ulike fagdisiplinane, og ein kan sjå både historiske data, LIVE og kople inn simuleringar, slik at ein kan sjå korleis ting vil utvikle seg inn i framtida.

– Det å ha ein presentasjon i ei 3D verd, gjer at folk lettare forstår kva det er vi snakkar om. Ved å kunne sette saman ulike typar informasjon, får du ei meir heilskapleg forståing, og kan sjå samanhengen som ein ikkje nødvendigvis ser når ein har ting kvar for seg.

Starta i Ålesund

Verdien av verktøyet gjev også mange innsparingar, legg Dimmen til, noko som til sist kjem innbyggjarane til gode. Karmøy kommune har rekna ut at dei kan spare minst ein million kroner per år, i reduserte kostnadar på handsaming av byggjesaker i strandsona ved å bruke den digitale tvillingen.

Portrettbilete av Bjørn Aase Dimmen

Prosjektleiar i Offshore Simulator Centre AS, Bjørn Aase Dimmen frå Ålesund. (Foto: Privat).

OSC starta først opp med ein modell av Ålesund, men har no laga ein tvilling av alle dei største byane i Noreg, og dekker fleire fylke og eit par område i utlandet. No er dei klare for å ta steget vidare.

– I løpet av to år har vi fått 20 prosent av marknaden i Noreg med dei største byane (over 11500 innbyggjarar). Dette er berre starten på ei reise og etter to år er vi er no veldig klare for å satse internasjonalt. Verktøyet kan ikkje berre brukast innanfor byane, men også for alle som driv med komplekse løysingar. Det kan vere Statens Vegvesen, Statsbygg, konsulentselskap, bank, forsikring, men også styresmaktene som storting og regjering, fortel Dimmen.

Stolt viserektor

Viserektor ved NTNU i Ålesund, Annik Magerholm Fet har fulgt tett reisa som starta for 16 år sidan i Ålesund, og er både stolt og glad for suksessen til OSC.

– Dette er sjølve grunntanken bak verdien vår i NTNU, kunnskap for ei betre verd. Simuleringskunnskapen vil gi oss mange gevinstar, som til dømes å optimalisere logistikk kring avfallshandtering og korleis ein kan førebu seg på uheldige situasjonar med enklare løysingar som brannfare eller flom til dømes, seier Magerholm Fet og gratulerer Dimmen og teamet hans så mykje.

Juryens grunngjeving

Løysinga lagar ein 3D-tvilling av tettstader, byar og fylke. Denne kan nyttast som beslutningsstøtte for leiarar og planleggarar og i kommunikasjon med publikum. Verdiskapinga for brukarane ligg i moglegheita til enkelt å visualisere eigne data saman med geografiske grunndata. På den måten kan ein få ei oversikt over både utfordringar, nye løysingar og forhold knytt til saksbehandling. Løysinga kan ta inn ulike typar data og visualisere desse i tre dimensjonar.

Sjå løysinga på nettside