Om Norsk havteknologisenter - Fjordlab Ålesund
Norsk havteknologisenter - Fjordlab Ålesund
Noreg forvaltar nokon av verdas største og mest verdifulle havområde. Med vår lange kystlinje, sterke maritime tradisjon og globale teknologimiljø har vi eit unikt utgangspunkt for å verte førande i utviklinga av havnæringane inn i framtida. Derfor investerer Noreg i Norsk havteknologisenter.
Fjordlab er ein viktig del av satsinga i Norsk havteknologisenter. Dette er forskingsinfrastruktur i hav og fjord, og laboratoriar på land der forsking og testing skjer med kontrollerte føresetnader. Norsk havteknologisenter er med dette ein unik arena der ein produserer ny kunnskap. I Fjordlab kan næringsliv og forskingsmiljøer møtes for å utvikle, teste og dokumentere morgendagens maritime og marine løsninger under reelle tilhøve.
Fjordlab Ålesund eit levande laboratorium i verdsklasse
Fjordlab Ålesund er eit fullskala utendørs testsenter for:
- Maritime teknologiar og operasjonar
- Navigasjon og teknologi og metode for skipskontroll
- Søk og redningsoperasjonar
- Korleis havet påverkar kystinfrastruktur
- Teknologi for å hauste energi frå havet (vind, bølgjer og straum)
- Teknologi for hausting og dyrking av marine ressursar
- Oseanografi og det marine miljø.
NTNU Ocean Campus (- Havcampus) er hovudbasen til Fjordlab Ålesund og som flåte ligg den forankra midt i Ålesund sentrum.
Fjordlab Ålesund er bygd rundt ein grunnidé: Fullskala operasjonelle data frå havet skal drive utviklinga av framtidas kunstige intelligens, autonome system og berekraftig havteknologi og forvaltning.
Gjennom laboratoriar, fartøy og digital infrastruktur, samlar Fjordlab inn, analyserer og tilgjengeleggjer data frå verkelege maritime operasjonar, marine havmiljø og infrastruktur. Operasjonelle data fungerer som ei unik kjelde til «ground truth» - data for utvikling av kunstig intelligens. Dette gjer Fjordlab til ei unik arena for datadriven innovasjon i havnæringane.
Lokaliseringa er i området kring Ålesund, frå Fosnavåg til Nordøyane og inn Storfjorden til Geiranger. Innanfor eit kompakt geografisk område har vi eksponerte havområde, verna fjordar, grunne farvatn og djupe havområde. Dette gjev eksepsjonelle høve for testing, verifisering av ny teknologi og overvakning av økosystem.
Den maritime klynga i regionen vert rekna som ei av verdas mest komplette med sine verft, rederi, skipsdesignmiljø og leverandørar av utstyr, i tillegg til sterke fagmiljø innan forsking, innovasjon og utdanning.
Forskingsprosjektleiar Hans Petter Hildre: Vi trur på at smart bruk av fullskala data endrar vår utdanning, forsking og innovasjon i samspel med næringslivet.
Området Fjordlab Ålesund

Her vert det gjennomført fullskala testing, innovasjon og forsking i fjord og hav.
NTNU Ocean Campus

I oktober 2026 fekk vi på plass NTNU Ocean Campus (- Havcampus) som er eit flytande campus (12x20 m) i havnebassenget i Ålesund. Her har vi samla aktivitetane i Fjordlab Ålesund i eit felles senter for forsking, utdanning og innovasjon. Flåten har klasserom, verkstad- og servicefasilitetar, kontrollsenter for fjernstyring av autonome fartøy og fleire spesialiserte laboratorier. Satsinga har forsking, teknologiutvikling og utdanning tett på dei maritime omgjevnadane.
Sjødroner
Fjordlab Ålesund disponerer fleire slike i tillegg til autonome farty utvikla ved NTNU. Sjødronene bidreg til miljøovervaking, datainnsamling,
testing av sensorar og utvikling av autonome operasjonar. Dei gjev næringsliv og forskningsmiljøa ei fleksibel plattform for utvikling og demonstrasjon av ny teknologi, samstundes som dei leverer data for kunstig intelligens, autonome navigasjonssystem og digitale tvillingar.
Luftdroner
Ei portefølje av luftdroner med ulik sensorutrusting vert nytta til kartlegging, inspeksjon, miljøovervaking og dokumentasjon av maritime operasjonar. Saman med sjødroner og andre sensornettverk gjev desse eit heilskapeleg situasjonsbilete av aktivitetane i havromet.
RV Innovator

RV Innovator er ein 13 meter lang og har hybrid framdriftssytem. Båten vert nytta i drifta av Fjordlab til testing, innovasjon og forsking. Til dømes kan dette omfatte utsetting og vedlikehald av instrumentering, samt forskings- og testoperasjonar. Den fungerer òg som testplattform for autonome funksjonar, nye styresystem og framtidige maritime operasjonskonsept. Fartyet kan bidra med verdifulle fullskaladata for utvikling av KI-baserte løysingar.
Digital infrastruktur
For å utnytte verdien av fullskaladata frå laboratoria utviklar NTNU Ocean Campus ein integrert digital infrastruktur for innsamling, lagring, analyse, visualisering og operativ bruk av havdata. Infrastrukturen har til føremål å gjere data tilgjengelege for forsking, utdanning, innovasjon og næringsutvikling, samstundes som den legg grunnlaget for utvikling av kunstig intelligens, digitale tvillingar og autonome maritime system.
Slik får vi får vår heilheitlege digitale infrastruktur som koplar sanntidsmålingar, operasjonar, analyse og prediksjon i ein felles plattform. Styrken her ligg i evna til å samle inn, tilgjengeleggjere og foredle fullskaladata frå verkelege maritime og marine operasjonar. Dette gjev forskarar, studentar og næringsliv
tilgang til data som er naudsynte for å utvikle, trene og validere kunstig intelligens, digitale tvillingar og autonome system. NTNU Ocean Campus vert ein heilt unik arena for datadriven innovasjon i havnæringane.
Laboratorium
Fire laboratorium utgjer kjernen og leverer samla fullskaladata frå havmiljø, fartøy og infrastruktur som gjer det mogleg å utvikle og validere kunstig intelligens, digitale tvillingar og autonome system. Dette gjev forsking, næringsliv og forvaltning eit unikt grunnlag for datadriven innovasjon.
Maritim testing
Her skal vi utføre fullskala testing og måling av skip og maritime operasjonar i verkelege omgjevnader. Laboratoriet kan gi bedrifter og andre samarbeidspartnarar ein unik arena for å utvikle, validere og demonstrere ny maritim teknologi, operasjonskonsept og autonome løysingar under realistiske forhold.
Gjennom sensorar for bølgjer, straum, vind, støy og radar, kombinert med målesystem om bord på fartøy, vert det samla inn store mengder operasjonsdata i full skala. Desse kan gi eit grunnlag for utvikling av kunstig intelligens, autonome system og digitale tvillingar som kan forbetre tryggleik, effektivitet og avgjerdsstøtte i maritime operasjonar. Laboratoriet gjer det mogleg å studere trafikkbilete, navigasjon, energibruk og samspelet mellom fartøy og omgjevnader på ein måte som ikkje kan oppnåast gjennom simulering åleine.
Havmiljø
Her skal vi ovvake og forstå meir av våre marine økosystem. Kunnskap om havmiljøet er avgjerande for ei berekraftig forvaltning av kyst- og havområde og for å forstå verknadene av menneskeleg aktivitet. Dette laboratoriet får sensorar for måling av vasskvalitet, salinitet, temperatur, pH, planteplankton, konsentrasjonar av parasittar, mikroplast og eDNA. Dei kontinuerlege målingane byggjer opp omfattande datasett som kan nyttast til å utvikle AI-baserte modellar for miljøovervaking, tidleg varsling og prediksjon av endringar i økosystema.
Dette kan gi forskarar, styresmakter og næringsliv eit langt betre grunnlag for å forstå miljøpåverknad og ta kunnskapsbaserte avgjerder.
Robust kystinfrastruktur
Her skal vi overvake og utføre analyser av kritisk kystinfrastruktur i eit klima i endring. Laboratoriet skal bidra til å styrkje samfunnet si evne til å planleggje, byggje og vedlikehalde robuste hamner, kaianlegg, bruer, energianlegg og annan infrastruktur langs kysten.
Sensorar som vi set ut skal følge med på bølgjepåverknad, vêrforhold, belastningar, rørsler og strukturelle responsar over tid. Dei innsamla fullskaladataa gjev eit unikt grunnlag for utvikling av digitale tvillingar og AI-modellar som kan føreseie slitasje, identifisere risiko og optimalisere vedlikehald. Slik kan framtidas infrastruktur verte meir robust, kostnadseffektiv og betre tilpassa eit klima i stadig endring.
Innovasjon
Vi får også ein arena for innovasjon innan havteknologi, til dømes sensorar, sjødronar og autonome maritime system. Her kan studentar, forskarar og næringsliv raskt omsetje idear til prototypar og nye løysingar. Ei slik fullskala testing og datainnsamling gjev grunnlag for kontinuerleg innovasjon og utvikling av framtidas autonome havteknologi.

