Poetics of space
Poetics of Space

Poetics of Space / Poetikk og Rom
Romlegheit og stadspesifikk kunst står sentralt i dette prosjektet, der vi undersøker lyd, kunst og arkitektur i relasjon til framførings- og/eller utstillingsrom, samt andre moglege samanhengar mellom kunst og rom. For å forstå og lære av desse samanhengane har vi inkludert ei brei tverrfagleg gruppe av kunstnarlege forskarar som omfattar dei fleste kunstpraksisane ved NTNU, inkludert musikk, film- og medievitskap (Det humanistiske fakultet) og arkitektur, design og visuell kunst (Fakultet for arkitektur og design).
Tittelen er lånt frå den franske filosofen Gaston Bachelard si bok, først gjeven ut i 1958 – ei poetisk utforsking av intime, heimlege rom. I dette prosjektet ønskjer vi å undersøkje følgjande område:
- Bygningar og fysiske rom som anten er konstruerte for framføring og/eller utstilling, som kan brukast til same føremål eller som kan reknast som kunst i seg sjølv.
- Utandørs rom som anten er utforma for eller kan brukast i samanheng med framføringar, utstillingar eller som kan reknast som kunst i seg sjølv. Desse romma kan vere utandørsscener, hagar eller marine miljø.
- Mikro-rom og -miljø. Rommet inni eit musikkinstrument som ein fiolin, ei fyrstikkøskje eller eit skip inni ei flaske.
- Digitale, ikkje-fysiske og imaginære rom. Desse romma kan vere lyd- og/eller biletopptak, poetiske rom i litteraturen.
- Rom for helse og velvære. Immersive kunstrom som tek føre seg helseutfordringar.
Michael Duch (prosjektleder)