Mosar

Mosar

Moseherbariet er den nest største delsamlinga, og nesten alle objekt er dataregistrerte.

Storstylte Bazzania trilobata og myrmuslingmose Mylia taylorii fra Eide i Møre og Romsdal. Foto Kristian Hassel, NTNU Vitenskapsmuseet.

Innsamlingane frå siste del av 1800-talet og første del av 1900-talet er fundamentet i samlinga, i første rekke gjennom verksemda til Ingebrigt Severin Hagen. Han hadde sin arbeidsplass ved Vitskapsmuseet frå 1907 og fram til han døydde i 1917. Tilvekst gjennom innsamling frå slutten av 1960-talet og fram til i dag har også vore betydeleg. Dei ti viktigaste bidragsytarane til moseherbariet har vore: Ingebrigt S. Hagen, Arne A. Frisvoll, Kristian Hassel, Kjell I. Flatberg, Tommy Prestø, Torbjørn Høitomt, Hans H. Blom, Elling Ryan, Nils Bryhn og Asbjørn Moen. Dovrefjell og områda kring Trondheimsfjorden er svært godt representert i samlinga, men det er også mykje material frå resten av Midt-Noreg. Det er óg nye innsamlingar frå andre delar av landet, særleg av sjeldne artar. Moseherbariet har ferske innsamlingar av nesten alle moseartar i Noreg. NTNU Vitskapsmuseet si forskingsverksemd i boreale og arktiske område har lagt grunnlag for betydeleg tilvekst frå desse områda. Døme på dette er innsamlingar frå Svalbard, Grønland, Island, Canada og USA av mellom anna A. A. Frisvoll, K. I. Flatberg, K. Hassel og T. Prestø.  

Moseherbariet har høg forskingsverdi og inneheld mange referanseobjekt (typar) for skildringar av nye artar. Særs aktiv biosystematisk forsking på torvmosar (Sphagnum) i meir enn 30 år gjer at herbariet har mykje materiale av denne slekta. Innsamlingane dekkjer breitt på den nordlege halvkula, men Noreg og dei nordlegaste områdar er best representert. Den viktigaste samlaren av torvmosar er K. I. Flatberg som i 2013 ga ut Norges torvmoser. Slektene gråmose (Racomitrium) og blomstermose (Schistidium) er også særleg rikt representert i moseherbariet som eit resultat av innsamlingsaktiviteten til H.H. Blom og A.A. Frisvoll. Anna originalmateriale kan i hovudsak daterast tilbake til seint 1800- og tidleg 1900-tal. I dette materialet er torvmosar Sphagnum saman med slekter som gråmosar Racomitrium og blomstermoser Schistidium særleg rikt representert. 

Viktige eksikat inkluderer 
Hepaticae Europaeae Exsiccatae, V. F. Schiffner  
Musci Alleghanienses, W. S. Sullivant 
Musci Europaei Exsiccati, Ernst Bauer  
Bryotheca Bohemica. Laub- und Lebermoose aus Böhmen in getrockneten Exemplaren, E. Bauer 
Musci Frondosi Archipelagi Indici Exsiccati, M. Fleischer  
Bryotheca Europaea Meridionalis, M. Fleischer; C.F. Warnstorf

Fagleg ansvarleg: Professor Kristian Hassel
Driftsansvarleg: Senioringeniør Tommy Prestø

Mosesamlinga er tilgjengeleg via GBIF