Byarkeologisk samling frå Trondheim 

Byarkeologisk samling frå Trondheim 

Samlinga inneheld funna frå dei store utgravingane i Midtbyen i Trondheim. Funna omfattar nokre få oldsaker frå tida før det var ein by på Nidarneset, men det meste er yngre enn 1000 år. 

Nåler fra middelalderen. Foto: Per Fredriksen, NTNU VitenskapsmuseetDei meir enn 200 000 gjenstandane representerer alle sider av dagleglivet i ein travel handelsby, administrasjonsby og mektig erkebispesete; frå små pølsepinnar, runepinnar og treskeier til delar av laftehus. Som følge av at bygrunnen er fuktig og lufttett, er gjenstandar av tre, lêr og anna organisk materiale uvanleg godt bevara. 

Mellomalderutstillinga i Suhmhuset viser funn frå denne samlinga. 

Frå 2018 til 2021 hadde NTNU Vitskapsmuseet eit revisjonsprosjekt, NIDARK, som hadde som mål å revitalisere den byarkeologiske samlinga og å gjere den tilgjengeleg digitalt. 

Kontaktperson: Førsteamanuensis Birgit Maixner.