lf-bg-vignett-04

Læringsfestivalen

Ein konferanse om læring i
høgare utdanning med både
digitale og fysiske arrangement.

 

Læringsfestivalen aktuelt

Kva er Læringsfestivalen?

Læringsfestivalen er landets største konferanse om læring i høgare utdanning med både fysiske og digitale arrangement. Målsetjingane til konferansen er å presentere erfaringar og refleksjonar og å dele kunnskapsbasert undervisningspraksis. På Læringsfestivalen kan du knytte kontaktar og etablere nettverk for vidare samarbeid.

Kommande arrangement

  • Læringsfestivalen digital arrangerast 18.-19. november 2025. 
  • Læringsfestivalen i Trondheim arrangerast 4.-5. mai 2026. 

Nye moglegheiter

Det skjer mykje nytt og spennande innan undervising og læring på universitets- og høgskulenivå. Nye former for teknologi gir nye moglegheiter, men ikkje alt gir betre kvalitet i undervising og læring.

Det kan vere krevjande å få oversikt over kva som skjer i sektoren, og kva som er nyttig å ta med seg. På Læringsfestivalen får du høyre kva erfaringar andre har gjort og du kan sjølv vere med å diskutere og prøve nokre av nyvinningane.

Sjå programmet for Læringsfestivalen 2025 >>

Målgrupper

Målgruppene for konferansen er alle som er engasjert i høgare utdanning.

Det kan vere undervisarar, forskarar og fagmiljø, støtte- og utviklingsmiljø så vel som utdanningsleiarar. Det kan også vere studentar og andre som er interessert i utdanning, til dømes tilsette i vidaregåande opplæring eller andre delar av arbeidslivet.

Bidrag til Læringsfestivalen

Fristen for å sende bidrag til Læringsfestivalen 2025 er utløpt.

Bidrag til journalen Læring om læring

bilde av forsiden av journalen Læring om Læring

Læring om læring er no oppdatert med fleire interessante og inspirerande artiklar. Av tema som og er sesjonar på Læringsfestivalen, kan du lese om meistringslæring, mappevurdering, mentoropplæring, tverrprofesjonelt samarbeid og studentinvolvering i undervisningsutvikling. Dette er berre nokre av bidraga, og stikkorda yter ikkje rettferd, så klikk deg inn her:

https://www.ntnu.no/ojs/index.php/lol

Arrangører

Arrangør:

Logo med tekst: NTNU Kunnskap for ei betre verd


Social buttons

Nyheiter frå Læringsfestivalen:

PCO

Konferanseadministrasjon

NTNU Konferanser